Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

november 2015Monthly Archives

Tale 22. og 29.november

Jesu lækjedomsteneste var omfattande. Etter oppstoda overførte han ansvaret for denne til kyrkja si. Men ikkje berre ansvaret, også autoriteten og krafta.

http://www.mediafire.com/listen/5427c7jb1g5jn1j/Jesu_l%C3%A6kjedomsteneste_i_Matteus_8_og_9%2C_del_1I.mp3

http://www.mediafire.com/listen/xr4dge3dxw3d883/Jesu_l%C3%A6kjedomsteneste_i_Matteus_8_og_9_del_2.mp3

Gudsteneste 29. november

Pastor Jens Thoresen talar i morgon Pastor Jens Thoresen talar i morgon

Under gudstenesta i morgon, den 29. november, vil me halda fram med å snakka om helbredelse, med vekt på kva trua har å bety i denne samanhengen. Lovar deg at det blir veldig interessant for deg 🙂

Elles blir det vitnemål av Theodor Hellesøy.

Elles blir det, under talen, baking med barna. Jula nærmar seg, og det er tid for julekaker, og då kan det vel henda at du også får deg ein kopp kaffi etterpå. VEL MØTT TIL ALLE.

Ekumenisk bønekveld torsdag 26. nov.kl 19

prayer_meetingTorsdag 26. november er du velkomen til ekumenisk bønekveld i Kristkyrkja kl. 19. Medarrangørar er Stord Bibelsenter, Den Frie Evangeliske Forsamling og Nytt Liv.

«Ved hans sår har me fått lækjedom»

http://www.mediafire.com/listen/j9of66aevoa198y/Jesaja_52%2C13-53%2C5.WAV

Merk deg overskrifta. Der står det «HAR me fått lækjedom», ikkje «SKAL me få lækjedom.»
Her talar profeten som noko som ER lækt, og han tenkjer på heile vår eksistens.
Ved trua på Jesus er me alt blitt fri frå synda og synda sine vonde følgjer.

DENNE bodskapen er det me blir utfordra å forkynna for våre medmenneske.
Det kosta Jesus livet å gje oss denne gåva. Det kan kosta oss livet å gje henne vidare.

Lytt til gårsdagens tale.

Gudsteneste søndag 15.nov. Tema: » Ved hans sår har me fått lækjedom»

Pastor Thoresen med kaffikoppen på Lundarstølen

Søndag 15.november blir det gudsteneste i Bjellandsvegen 51 kl 11.

Pastor Jens Thoresen vil tala om den høgst sentrale bibelteksten frå Det gamle testamentet: Jesaja 52,13-53,5, med eit spesielt fokus på at me ved Jesu sår har fått lækjedom. Då synda kom inn i verda, var det så mykje som vart knust. Barnekåret hos Gud, det evige livet, tilliten til Gud og  den velsigna sutaløysa, og inn kom smerten, alle kroppens sjukdomar, hatet, fiendskapet, krigen, sviket, løgna og meir til. Det var dette Jesus kom for å frelsa oss frå. Han tok det alt og bar det med seg opp på krossen. For ein herleg frelsar me har, kor velsigna han er. Ved trua på han går me inn i den nye røyndomen som han har skapt: Guds rike. Kom og høyr meir på søndag, og ta del i gleda og lovsongen.

Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi og leik med barna.

VEL MØTT!

 Bethel 2016

Kvart år arrangerer Bethel Church i Redding, California to leiarkonferansar, Leaders Advances,  èin på våren og èin på hausten. Denne gongen sende Kristkyrkja pastoren sin samt Tove Thoresen, Marie Notland og Marit Helene Aas av garde, og dei kom attende med sterke inntrykk, og med inspirasjon for det som ligg framfor medlemmene i Kristkyrkja på Stord.

Under opphaldet møtte dei utruleg mange venlege folk som dreiv kyrkje på ein skikkeleg proff måte. Sjølve kyrkja låg på ein fredleg høgde, litt utanfor byen. Rundt bygningane var det eit innbydande parkanlegg, og midt i dette eit vakkert bønekapell som var ope 24/7. Inni kapellet var det springvatn og kontinuerleg lovsongsmusikk. Kapellet var bygd i davidsstjernefasong med store vindauga og vakker utsikt på alle sider. Dei kom fram fredag 30.oktober. Konferansen begynte først onsdag 3. november, men hadde fullt program frå dag èin. Tenk berre på dette: Søndagen var det 3 gudstenester med 1000 mennesker på kvart møte. Den første var kl 8 om morgonen, den andre kl. 10.30 og så ei kl. 12.30. Om kvelden var det møte igjen for alle som ville og fekk plass. Kunne du ikkje tenkt deg å vera med i ein slik atmosfære? Du verda. Her er det berre å ta inn og læra.

Under konferansen var det kristne leiarar frå over 30 nasjonar, alle med kvar sitt uttrykk. Det var ikkje så lite himmel berre over det. Framtonande leiarar i Bethel er Bill Johnson og Kris Valloton. Dei har bygd opp ei kyrkje med ein bibelskule som servar folk frå mange land, ein lovsongskultur som er heilt unik, og dei demonstrerer rausheit utover det vanlege. Me vil gradvis koma attende til lærepunkt frå konferansen.

Jeremy RiddleDet var ei stor oppleving å få syngja lovsongar saman med Jeremy Riddle. Han var mykje på scena under Leaders Advance.

Bethel 2Opp mot kyrkja var det ein portal med flagg frå mange nasjonar, også, som du ser, frå Noreg.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?