Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

oktober 2015Monthly Archives

«Eit møte med den levande Gud!» er tema for gudstenesta søndag 18.oktober

Jens-7Søndag blir det gudsteneste for heile familien kl. 11. Pastor Jens Thoresen vil tala over emnet: «Eit møte med den levande Gud!» Utruleg interessant tema. Kom og lytt og ta del i fellesskapet.

Strålande gudsteneste og dåpsfest

Dåp Amund 1I dag vart Amund Sundfør døypt til Jesus Kristus. Dåp er i seg sjølv ei storhending. Ikkje fordi det ser så imponerande ut, men fordi dåpen er forordna av Jesus, og det er vanskeleg å tenkja seg at han har funne på noko som ikkje er storarta. Så det trur på på. På det første bilete ser me mamma Kristin som held Live og pappa Lars Ivar som ber dåpsbarnet.

Dåp Amund fadderbilete 2Her er familien og fadrane samla. Frå venster: Tore og Elise Kulleseid, og heilt ute til høgre: Hanne Beate Sundfør.

Dåpsfest 11. oktoberEtter gudstenesta hadde me ein stor spleisefest der familie og kyrkjelyd åt frå eit bord med mange og feite rettar.
Her er eit oversiktsbilete av ein del av festlyden.

Fantastisk dag med pastor og misjonsstrateg Dennis Balcombe

Dennis Balcombe III

Me fekk ein fantastisk dag med pastor Dennis Balcombe. Han gav oss om lag 50 frammøtte ein frisk himmelpust. Dennis Balcombe har vore pastor og misjonær i Kina på fast basis sidan 1978, og har stått heilt sentralt i den kinesiske vekkjinga sidan den tid. Han har mange gonger også vore i fengsel for trua si. På bilete over syner han fram handskrivne biblar frå kulturrevolusjonen sine dagar, då raudegardistane jakta på biblar og fekk brent opp nesten alle, og folk måtte skriva av dei få som var att. Dei eksemplara me ser på bilete er dei siste som er att i sitt slag. I dag er kristendomen på stor frammarsj i Kina, og sjølv om det er importert millionvis av biblar til landet sidan det opna seg for snart 40 år sidan, er det framleis stor mangel. Det seier seg sjølv når 30 000 kjem til tru på Jesus kvar dag i Midtens rike.

Dennis Balcombe bur i dag i Hong Kong, er pastor i ei lokal kyrkje der, men reiser over heile verda og etablerer kyrkjelydar og bibelskular over alt. Vekkjing og fornying følgjer han over alt. Å få 6 timar saman med ein slik mann er eit sjeldant privilegium.

Forutan Kristkyrkja var det Den Frie Evangeliske Forsamling og Stord Bibelsenter som arrangerte møtedagen på Langeland skule. Me sit att med enormt mykje å tenkja på, og strekka oss etter. Det formar seg ei bøn hos oss: «Herre, miskunna deg over oss!»

Møt barna i flyktningeleiren

His eyes is on the sparrow

Amund, dåpsbilde

Dagens andakt: Du skal ikkje stela

Jesus kallar djevelen ein tjuv, og alle som stel er i hans makt. Det sjande bodet har Gud gjeve oss for å verna oss mot stor fare. Det handlar meir om våre eigne sjeler enn annan manns eigedom. Lytt til dagens andakt.

http://www.mediafire.com/listen/wxulm0we0b2oxl4/Du_skal_ikkje_stela.wav

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?