Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

250 i fakkeltog for trusfridom

BanneretI år var det spesielt fokus på dei kristne sin situasjon i Syria og Irak, to land som er i ferd med å bli tømt for Jesustruande
(Foto: Thea Elisabeth Haavet)

Årets fakkeltog for trusfridom samla 250 menneske, og i Stord kyrkje vart det telt 350. Dette er så absolutt rekordtal. Me gler oss veldig over dette. Thea Elisabeth Haavet frå Stefanusalliansen hadde ein sterk appell på torget, farga av at ho nyleg har vore i erbil i Nord-Irak og møtt kristne som har måtte flykta frå IS. Dette var ferskvare. I kyrkja talte Rune Larsen kraftfullt og personleg. Det gjorde sterkt inntrykk på alle frammøtte. Så var det songen og musikken, bønene og lystenning der alle kyrkjelydane var representerte. Alt var med og laga ein elektrisk atmosfære, me kjende at den levande Gud var der.

Det vart samla inn over 24000 kroner til Stefanusalliansen og Åpne Dører.

Men viktigare enn alt er det likevel om dette arrangementet kan vekka truande til bønn for kristne søsken som må bera krossen på ein meir konkret måte enn dei fleste av oss. Våre våpen er ikkje fysiske, men åndelege. Me ber, me engasjerer oss, me opplyser, me talar. Til slutt må vondkskapen vika for Guds godleik og makt. Han som bur i oss er sterkare enn han som bur i verda. Det er vår tru.

Rune og Eli 2To heilt sentrale personar i dette arrangementet er søskenparet Eli Minde og Rune Larsen. Eli er initiativtakar og krafta i arbeidet, og Rune er med og løftar arrangementet vårt opp til ein høgare standard, både med songen sin, engasjementet for saka og med stor innsikt og talekraft. (Foto: Thea Elisabeth Haavet)

Barn i fakkeltogMange barn var med i toget. Dei berre elskar det. Tenk å få gå med fakkel i 30 minuttar. Det er flott. (Foto: Thea Elisabeth Haavet)

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?