Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

oktober 2015Monthly Archives

250 i fakkeltog for trusfridom

BanneretI år var det spesielt fokus på dei kristne sin situasjon i Syria og Irak, to land som er i ferd med å bli tømt for Jesustruande
(Foto: Thea Elisabeth Haavet)

Årets fakkeltog for trusfridom samla 250 menneske, og i Stord kyrkje vart det telt 350. Dette er så absolutt rekordtal. Me gler oss veldig over dette. Thea Elisabeth Haavet frå Stefanusalliansen hadde ein sterk appell på torget, farga av at ho nyleg har vore i erbil i Nord-Irak og møtt kristne som har måtte flykta frå IS. Dette var ferskvare. I kyrkja talte Rune Larsen kraftfullt og personleg. Det gjorde sterkt inntrykk på alle frammøtte. Så var det songen og musikken, bønene og lystenning der alle kyrkjelydane var representerte. Alt var med og laga ein elektrisk atmosfære, me kjende at den levande Gud var der.

Det vart samla inn over 24000 kroner til Stefanusalliansen og Åpne Dører.

Men viktigare enn alt er det likevel om dette arrangementet kan vekka truande til bønn for kristne søsken som må bera krossen på ein meir konkret måte enn dei fleste av oss. Våre våpen er ikkje fysiske, men åndelege. Me ber, me engasjerer oss, me opplyser, me talar. Til slutt må vondkskapen vika for Guds godleik og makt. Han som bur i oss er sterkare enn han som bur i verda. Det er vår tru.

Rune og Eli 2To heilt sentrale personar i dette arrangementet er søskenparet Eli Minde og Rune Larsen. Eli er initiativtakar og krafta i arbeidet, og Rune er med og løftar arrangementet vårt opp til ein høgare standard, både med songen sin, engasjementet for saka og med stor innsikt og talekraft. (Foto: Thea Elisabeth Haavet)

Barn i fakkeltogMange barn var med i toget. Dei berre elskar det. Tenk å få gå med fakkel i 30 minuttar. Det er flott. (Foto: Thea Elisabeth Haavet)

 

Bøn for Slovakia

Slovakia

Møt opp i fakkeltog for dei forfølgde i tysdag 27 nov. kl 18

I morgon er det FAKKELTOG for dei forfølgde. Det blir SÅÅÅ kjekt. Og der bør du vera med, etter mi meining. Fokus i år er på tilhøva kristne i Syria og Irak lever under. Thea Elisabeth Haavet, som nettopp har vore i Kerbil i Nord Irak. Ho har med sterke inntrykk etter møte med kristne flyktningar frå Mosul. Som du sikkert veit vart Mosul erobra av IS for to år sidan. Der er alle kyrkjene omgjort til moskear. Thea Elisabeth skal halda appellen på torget. I kyrkja er det den kjendisen Rune Larsen som skal tala, og han skal leida lovsong saman med Terje Kleppe.
Ta barna med dykk og møt opp kl 18. Barne elskar rett og slett fakkeltog 🙂
Så blir det kollekt til Stefanusalliansen og Åpne Dører.

Fakkeltog 1

Fakkeltog

Søndag for dei forfølgde, 25. oktober

I morgon er det «Søndag for forfølgde». Då skal me ha fellesgudsteneste med Stord kyrkje, og møter der. Thea Elisabeth Haavet frå Stefanusalliansen skal tala. Ho kjem rett frå Erbil i Nord-Irak. Der traff ho mange kristne som hadde flykta frå IS. Ho har med seg sterke og ferske inntrykk. Elles vert det mykje fin jazzmusikk på gudstenesta, og du er hjarteleg velkomen dit.

Hvor er Gud i krisen?

Mange barn får hjelp og omsorg gjennom arbeidet til Stefanusalliansen sine partnarar i Beirut.

Stord-kyrkje

 

 

 

 

Stord kyrkje

Inspirerande Godhetskonferanse i IMI i helga

Godhetskonferansen 2015 vart som venta veldig inspirerande. Å koma til IMI-kirken og lytta til undervisninga til Martin Cave, Hanne Therese Loftesnes og Jarle Skullerud (synodeformann i Frikirken), var «vederkvegande».

Godhetskonferanse, Martin

«Skal dere lykkes med det dere holder på med i menighetssammenheng, må dere tørre å være fokuserte, intensjonale og ensidige, LENGE. Hadde jeg startet med å bygge menighet NÅ, ville jeg ha snakket 10 år om godhet.» Martin Cave på Godhetskonferansen 2015 i helga.
Der var mellom mange andre, ein flott gjeng med kvinner frå Kristkyrkja på Stord. Stadig fleire kyrkjelydar melder seg på Godhetsrørsla, og eg tippar deg kjem til å bli arrangert Godhetsdagar i over 30 kommunar til våren. Konferansen var veldig inspirerande, og det er sant som det blir sagt (også av Martin): «Det det kommer an på er hvem du henger sammen med.» Me vil gjerne henga saman med slike folk me møtte i helga.

Godhetskonferanse, StordgjengenOg her ser me Annbjørg Notland Reinertsen, Ingvild Nordfonn, Marit Helene Aas og Tove Thoresen som representerte Godhet Stord på konferansen.

Dagens tale. Tema: «Møte med den levande Gud!»

http://www.mediafire.com/listen/fctw9d90hf5iemb/2015_18.10._M%C3%B8tepunkt.wav

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?