Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

september 2015Monthly Archives

Dagens andakt: Det femte bodet: Du skal ikkje slå i hel.

Du skal ikkje slå i hel

Bønekveld torsdag 24. september

Me er litt seint ute med denne annonseringa, men det blir BØNEKVELD TORSDAG 24. SEPTEMBER KL. 19 I STORD BIBELSENTER. Dette er eit arrangement som me har saman med Bibelsenteret og Frie evangeliske forsamling.

Me trur at desse samlingane vil koma til å leggja ei god plattform for vekkjing på Stord.

Familiegudstenesta søndag 27.september kl 11

JensSøndag held me fram med undervisning om lækjedom. Teksten blir frå Johannes 5 der Jesus lækjer ein som hadde vore lam i 38 år. «Vil du bli frisk?» spurde Jesus. Han tvinga seg ikkje inn på han. Men mannen ville det, og seinare vart han også frelst.

Under gudstenesta vil me bruka tid til å be for sjuke. Målet med det me no held på med er å søkja Gud for lækjedom, og hjelpa kvarandre til å bli frimodige i det å be for sjuke, også barna.

Vel møtt i Bjellandsvegen 51

Dagens andakt handlar om det fjerde bodet.

Det er viktig for Gud at me ærar foreldra våre, og alle andre også for den saks skuld.

Du skal æra far og mor

På gudsteneste søndag 20.september held me fram med å undervisa om lækjedom.

Jens-7På gudstenesta søndag skal eg tala over Matteus 8,1-17. Først lækjer Jesus ein spedalsk mann, så tenaren til ein romersk offiser, deretter svigermor til Peter og avslutningsvis alle som kom til han som var plaga av sjukdom og vonde makter. Jesu lækjedomsteneste var svært omfattande. Store deler av arbeidsdagane hans gjekk med til dette. Slik er den Jesus som me kjenner og har omgang med. Det er veldig oppmuntrande for oss som lever i ei verd der djevelen rasar og gjer stor skade. Velkomen til spennande undervisning, bøn, lovsong og nattverd.

Gudstenesta startar som vanleg klokka 11, og blir i kyrkja vår i Bjellandsvegen 51.

Etter gudstenesta skal me ha KYRKJELYDSMØTE der me skal drøfta vegen vidare med tanke på gudstenesteform og husgrupper.

Dagens andakt: «Du skal halda kviledagen heilag»

Pastor Jens Thoresen. Kviledagen

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?