Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

august 2015Monthly Archives

Dagens andakt: Du skal ikkje misbruka Herren, din Guds namn

Du skal ikkje misbruka Herren, din Guds namn

Takk for innsatsen

Lovsangsteam 21.aug 2015Mange hovud, hender og strupar var i aksjon for at å få denne helga så vellukka som ho vart. Lovsongsteam, teknikarar, barnepassarar, ryddarar og møteleiarar. Alle fortener ein stor honnør.

Talane til Erik Jensen sette mange tankar i sving hos tilhøyrarane, og etter møtene vart det lange samtalar. Folk var entusiastiske, og følte dei hadde fått nokre reidskapar å bruka i møte med ateismen og utviklingslæra.

 

Skaping eller evolusjon? Talar av Erik Jensen 21.-23. august

Erik Jensen 21. aug 2015
https://mfi.re/listen/hyo7njudwl23xj8/Erik_Jensen._Derfor_kan_du_stole_p%C3%A5_Bibelen.WMA
http://www.mediafire.com/listen/z2abzotx7mcdiy2/Erik_Jensen._Laurdag_f%C3%B8remiddag._1.WMA
http://www.mediafire.com/listen/z2abzotx7mcdiy2/Erik_Jensen._Laurdag_f%C3%B8remiddag._1.WMA
https://mfi.re/listen/qz97lbguj1fckew/Evolusjonsl%C3%A6ra_sine_svake_punkt._Erik_Jensen.WMA
https://mfi.re/listen/2dpgl7k4j949v2c/I_opphavet_skapte_Gud._Erik_Jensen_23._august.WMA

Darwin under lupa. Inspirasjonshelg med Erik Jensen

Erik Jensen21.-23.AUGUST inviterer me til inspirasjonsmøter med den framifrå flinke og inspirerande forkynnaren Erik Jensen. Han vil attreisa vår tru på Gud som skapar, og riva ned den trua så mange har på evolusjonen, eller utvilklingslæra om du vil. Dette er utruleg vilktig. For dersom ikkje Gud har skapt himmel og jord, då er resten av kristendomen eit luftslott. Men dersom Gud verkeleg HAR skapt himmel og jord, då er utviklingslæra eit luftslott. Utviklingslæra er materialistisk i sitt vesen. Konsekvensen av Darwins lære er ikkje berre av mennesker og aper har felles opphav, nei at ALT LEVANDE HAR FELLES OPPHAV. Me stammar rett og slett frå, ja, kva skal me seia, ein bakterie eller noko slikt. Det er verre enn å tru at ein BMW har utvikla frå ei teskei, heilt av seg sjølv. Ein latterleg tanke, ikkje sant? Men trur me på ein allemektig, evig og klok Gud, fell alt på plass, og dersom me blir personleg kjent med han slik at me erfarer hans kjærleik i liva våre, då er lyset tent for alltid.

MØTENE BLIR I GYMSALEN PÅ LANGELAND SKULE. 
Program: 
FREDAG21. Møte kl. 19.30. 
LAURDAG 22. Seminar frå 11-14. To økter med forfriskningar i mellom. Møte kl. 19.30. 
SØNDAG 23. Gudsteneste kl. 11.

Les meir her: avisa

Dagens andakt: «Du skal ikkje ha andre gudar enn meg!»

Startar på ein andaktsserie om dei ti boda.

I dag om det første bodet: Du skal ikkje ha andre gudar enn meg

Gudsteneste søndag 16 august.

Jens-7Søndag 16. august er du hjarteleg velkomen til gudsteneste for heile familien kl. 11 i Bjellandsvegen 51. Då vil pastor Jens Thoresen snakka om Guds evige kjærleik som fundamentet, ikkje berre for vår frelse, men også for guddommeleg lækjedom. Alt Gud gjer er ut frå at han ER kjærleik.

Gud er vår far, og mange av oss har ikkje oppdaga dette skikkeleg enno. Men fedre har det med å gjera alt dei kan for å hjelpa barna sine når dei har det vanskeleg. Det er i høgste grad sant når det gjeld vår himmelske Far.

Vel møtt. Det blir kyrkjekaffi og sosialt samvær etter gudstenesta.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?