Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

juli 2015Monthly Archives

Inspirasjonsmøter med Erik Jensen 21.-23. august

Erik Jensen21.-23.AUGUST inviterer me til inspirasjonsmøter med den framifrå flinke og inspirerande forkynnaren Erik Jensen. Han vil attreisa vår tru på Gud som skapar, og riva ned den trua så mange har på evolusjonen, eller utvilklingslæra om du vil. Dette er utruleg vilktig. For dersom ikkje Gud har skapt himmel og jord, då er resten av kristendomen eit luftslott. Men dersom Gud verkeleg HAR skapt himmel og jord, då er utviklingslæra eit luftslott. Utviklingslæra er materialistisk i sitt vesen. Konsekvensen av Darwins lære er ikkje berre av mennesker og aper har felles opphav, nei at ALT LEVANDE HAR FELLES OPPHAV. Me stammar rett og slett frå, ja, kva skal me seia, ein bakterie eller noko slikt. Det er verre enn å tru at ein BMW har utvikla frå ei teskei, heilt av seg sjølv. Ein latterleg tanke, ikkje sant? Men trur me på ein allemektig, evig og klok Gud, fell alt på plass, og dersom me blir personleg kjent med han slik at me erfarer hans kjærleik i liva våre, då er lyset tent for alltid.

MØTENE BLIR I GYMSALEN PÅ LANGELAND SKULE. 
Program: 
FREDAG21. Møte kl. 19.30. 
LAURDAG 22. Seminar frå 11-14. To økter med forfriskningar i mellom. Møte kl. 19.30. 
SØNDAG 23. Gudsteneste kl. 11.

 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?