Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

juni 2015Monthly Archives

Hovudtema for hausten 2015 vert: «Læk dei sjuke!»

”Læk dei sjuke,” sa Jesus til disiplane sine då han sende dei ut får å forkynna Guds rike. Me trur at dette også er ein del av oppdraget til den kristne kyrkja i dag. Difor vil me heile denne hausten ha fokus på dette området som gjennom generasjonar har vore forsømt, eller berre praktisert av spesielt interesserte. Jesus ville at alle hans vener skulle vera involvert i denne tenesta, og han markerte at guddommeleg lækjedom er ein del av det kristne evangelium.

Me kjem til å undervisa om lækjedom, primært frå Det nye testamentet, men også frå Det gamle testamentet. Målet er å få denne tenesta opp og gå i kyrkjelyden som ein naturleg og integrert del av kvardagen vår. Dette vil bli ei interessant reise 🙂

Dersom du vil ha med deg heile programmet, klikk på «Program for hausten 2015» over.

Gudsteneste 28.juni

MaritSøndag 28.juni vert det familiegudsteneste i Bjellandsvegen 51 (tidligare Bjelland bedehus). Det er Marit Helene Aas som skal tala for både små og store. Det blir litt drama og mykje glad sang saman med borna. Etter gudstenesta er alle velkomen til å vera med på kyrkjekaffi. Vel møtt!

Dagens andakt. Den bortkomne sonen 1

Den bortkomne sonen 1

Fullt hus på gudstenesta søndag 14.juni

Gudsteneste 14.juniSøndag føremiddag var alle stolar i bruk i Kristkyrkja. Me må rett og slett kjøpa fleire. Det er oppmuntrande. Me hadde ei fin stund saman. Jørn Rune Reinertsen snakka om emnet «Ord og kraft». Jørn Rune er konsis og klår i formidlinga.

Evangelisering saman med Stord bibelsenter laurdag 13.juni

Evangelisering med bibelsenteret 13.juniLaurdag var det «livat» på torget. Både Kristkyrkja og Stord Bibelsenter var ute for å fortelja folk om Jesus, dela ut traktatar, lappekaker og selja nokre bøker til interesserte. Fantastisk kjekk dag med mange gode samtalar og mykje godt humør. På biletet ser du Otto Benjaminson i godt snakk med Karstein Karlsen og Marit Aas, medan Ingunn Benjaminson testar lappekakene.

Status for Godhet 2015

logoDet er komne inn mange oppdrag, og så langt har vel 20 personar vore i sving med å vaska hus innvendig og utvendig, klyppa hekkar og villniss, riva gamalt drivhus, mala og laga blomebed. Her er nokre fotografiske inntrykk:

ferdig terasseOg her står terassen ferdig

terasse i prosessKnut Vikestrand byggjer terasse

 

Øyvind listemalarØyvind er ein nøyaktig mann, og rett person på innvendig listemaling.

Knut og Jens byggjer terrasseKnut og Jens i sving med utskifting av masse med tanke på terrasseutviding. Den kjem i «godhet på overtid.»

Henry og JensMission completed. Jens og «kunden» Henry er nøgd med det nye blomsterbedet.

Mehdi i husveggenMehdi er hamna i stegen og vaskar hus.

Mehdi med hekksaksaMehdi Saber rydda bort masse villniss hos ei eldre dame som ikkje lenger såg seg i stand til å så mykje hagearbeid.

Otto og KnutOtto Benjaminson og Knut Vikestrand laga blomebed til eit eldre ektepar med sviktande helse

Jan Otto og Kjetil

Medan Jan Otto Haukefær og Kjetil Eldøy rynte seg ut på eit drivhus som skulle ned.

 

 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?