Dagens andakt tek utgangspunkt i nokre tankar rundt 17. mai. Lytt her: Fridom, rettferd, godleik
mai 2015Monthly Archives
Meld deg på weekend på Solgry 22.-24.mai
22.-24.mai reiser me på vår årlege weekend til Solgry. Det er alltid fantastiske dagar. Har du lyst å vera med? Meld deg på. Det er enno nokre plassar att. Og ein ting skal du vera sikker på: Det er berre kjekke folk som reiser. Her kan du kombinera late dagar, leik og åndeleg inspirasjon, ein unik kombinasjon. Det vil bli lagt ut program ein av dei næraste dagane.
Prisane er slik:
Barn 0-2 år går gratis
Full pensjon: 3-12 år kr 660,-
13-17 år kr 830,-
Over 18 år kr 1100,-
Maks.familiepris (gjelder barn under 18 år) kr 3.700,-
Leie av sengetøy kr 100,-
Oppredd seng kr 150,-
Lån av pute og dyne gratis
Gokart: Barnekart, 10-14år kr. 60,- for 3 minutt
Voksenkart, over 15år kr. 60,- for 3 minutt
Barn 0-2 år går gratis. Barn frå 3 til 12 år kostar
Påmelding på mail: pastor@kristkyrkja.no
Telefon: 47415864

17.mai nærmar seg raskt
17.mai er ein fin dag for oss alle. Då feirar me at Noreg fekk sjølvstende. Rett nok berre for ei kort stund i 1814, men i 1905 vart kampen krona med endeleg siger. Nasjonal fridom er ein stor verdi. Men det er ikkje nok. Fridom utan rettferd er ikkje noko å samla på. Og då må me spørja: Kva er rettferd? Då må me gå til Bibelen for å finna svar. Og der les me at rettferd har to dimensjonar: ein vertikal og ein horisontal. Den vertikale dimensjonen handlar om å elska Gud av eit heilt hjarta og med stort engasjement, medan den horisontale dimensjonen handlar om å ta seg av fattige, foreldrelause, enkjer og innvandrarar. Ingen rettferd utan tru. Ingen rettferd utan sosialt engasjement. Dette bør vera fokus 17.mai, og me skal gå med fana vår i borgartoget og representera Jesus som verdas lys.
«Gud er ein gud som gjer under!»

Dette var hovudbodksapen til Jørn Rune Reinertsen under friluftsgudstenesta søndag 3.mai. «Det er ikkje alltid så lett å tru på dette med mirakler, sjølv er eg ein skeptisk mann, leitar fort etter ein eller annan naturleg forklaring på ting, men som kristne må me tru at Jesus gjekk på vatnet, at han reiste opp døde, lækte alle slags sjukdomar og at han sjølv stod opp frå dei døde.»
Vidare snakka han om kor viktig det er å oppdra barna på ein skikkeleg måte, og ikkje behandla dei slik at dei blir sinte på oss. Til det treng med Guds visdom og hjelp.
Ein fin tale med spennvidd i.
Johannes Hellesøy var, saman med Theodor Hellesøy og Knut Arve Nordfonn , med og spela gitar under lovsongen. Han er blitt veldig flink på instrumentet.