Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste i nyoppussa bedehus

Gudsteneste 31.maiSå kunne me endeleg feira gudsteneste i Bjelland bedehus. Første del av oppussinga har teke eit år, og resultatet er flott. Lokala er blitt lyse og fine. I dag fekk dei frammøtte oppleva eit dramastykke om då Jesus vekte opp dotter til Jairus, og lækte kvinna med blødningar. Pastor Thoresen tala over same tema, og ha kunne fortelja om at nyleg vart eit barn i det krigsherja Irak også vekt opp frå dei døde, ei nådehandling frå Jesus rett inn i ein fortvilt fars liv.

Neste gudsteneste i Kristkyrkja vert 13.juni. Men bedehuset er ope dagleg for alle som vil inn og bruka tid i stillhet med sin Gud og be til han. Dei som er interessert i dette kan ta kontakt på 47415864, eller senda mail til pastor@kristkyrkja.no, så skal de få koden til nøkkelboksen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?