Alle som skal vera med på Godhet Stord 2015, møter opp på kyrkjekontoret i Thisafabrikken i morgon, mandag 1. juni kl. 17.
mai 2015Monthly Archives
Godhet Stord 2015
Gudsteneste i nyoppussa bedehus
Så kunne me endeleg feira gudsteneste i Bjelland bedehus. Første del av oppussinga har teke eit år, og resultatet er flott. Lokala er blitt lyse og fine. I dag fekk dei frammøtte oppleva eit dramastykke om då Jesus vekte opp dotter til Jairus, og lækte kvinna med blødningar. Pastor Thoresen tala over same tema, og ha kunne fortelja om at nyleg vart eit barn i det krigsherja Irak også vekt opp frå dei døde, ei nådehandling frå Jesus rett inn i ein fortvilt fars liv.
Neste gudsteneste i Kristkyrkja vert 13.juni. Men bedehuset er ope dagleg for alle som vil inn og bruka tid i stillhet med sin Gud og be til han. Dei som er interessert i dette kan ta kontakt på 47415864, eller senda mail til pastor@kristkyrkja.no, så skal de få koden til nøkkelboksen.
GODHET STORD 2015
Mandag 1.juni startar GODHET STORD 2015. I ei veke tilbyr me folk på Stord hjelp til å få gjort enkle arbeidsoppgåver i heim og hage. Me satsar på å jobba frå 17 til 21 kvar ettemiddag denne veka. Her bør alle melda seg på og vera med ein eller fleire dagar og velsigna sine medborgarar. Går inn på www.godhet.no og skriv namnet ditt inn i databasen. Klikk på «Vil du hjelpe» (oppe i høgre hjørnet), skriv namnet ditt på rett plass, så er du i sving 🙂 http://www.godhet.no/vil-du-hjelpe.
Behov kan ringast inn på 91183846 eller 47415864
To talar frå Solgry
Det var pastor i Vestkirken, Ole Henry Halleraker, som talte på kveldstid for dei vaksne. Det var rasande interessant. Første kvelden handla det om at kristen vekst er ei langsam sak. Ein kjem ikkje lettvindt til det, det krevst innsats og at me legg stein på stein i liva våre. Pinseafta talte han over temaet: «Min bror er viktigare enn meg.» Du kan lytta til dei to talane ved å trykka på linkane under.
http://www.mediafire.com/listen/wciy249porcvoev/Ole_Henry_Halleraker._Vekst_sker_langsomt.WMA
Ein ny heilt topp weekend på Solgry
Det er ingen tvil: Alle vil tilbake i i 2016. «Det var ein KJEMPEGØY weekend». Det meinte alle heilt unisont. Sang og dans, drama og undervisning, go-cart og fortball, minigolf og sykling, ja til og med bading i det kalde været. Og VELDIG god mat. Går det an å ha det betre? I år var det eit absolutt fleirtal av barn som var med, og sjølvsagt måtte møter og alt anna leggast opp der etter.
Hjartemuskelsongen vart svært populær. Fengande melodi og fin tekst.
Under fotballturneringa gav både store og små alt, kan du seia.
Fleire bilete frå helga her: Glimt-frå-Solgryhelga-2015