Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste søndag 19.april

EmausvandrernePå søndag skal me enno ein gong ta for oss Emmausvandrarane, og me skal sjå spesielt på dette som handlar om å få eit fornya sinn. På gresk heiter det metanoia, og er i den norske Bibelen omsett med omvending. Men no kan ikkje me endra sinn ved eiga kraft, me vil det ikkje ein gong. Sinnsforandring er noko som Gud skaper i oss, og til det brukar han ordet sitt. Vårt ansvar er å lytta til dette ordet.

Då Jesus kom og gav seg i lag med sine sorgfulle vener, presenterte han seg ikkje for dei med ein gong, men begynte å undervisa dei ut frå Det gamle testamentet. Ingenting kan erstatta Guds ord når det gjeld å få lys over kven Jesus er, og det er dette me skal sjå nærare på på søndag. Vel møtt i Utbygdo grendahus klokka 11.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?