Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Kva kostar godleik?

Dette er tema for gudstenesta på søndag. Teksten er Matteus 25, 14-30, Jesu tale om talentane.
Alle har me fått Guds frelse som ei gåve. Takk og pris for det. Jammen gjorde Gud det enkelt for oss. Men kva kosta denne store gåva Gud? Alt.
Korleis vurderte husbonden tenarane sitt arbeid då han heldt rekneskap med dei? Tydlegvis ikkje etter storleiken på resultatet, men på om dei faktisk hadde investert alt dei hadde fått til forvaltning. Om dei hadde vore trufaste. Då fekk dei ros, om resultatet var sånn eller sånn. Meir om dette søndag.

Velkomen i Utbygdo grendahus klokka 11.

Pastor Jens Thoresen fylte 60 år 11. september

Det er pastor Jens Thoresen som vil halda tale.
Be om at han må få ord frå Gud sjølv. Dei har best effekt.

Elles blir det naturlegvis søndagsskule og lovsong.
Etter gudstenesta vert det ÅRSMØTE for alle medlemmer.
Vel møtt i Utbygdo grendahus kl. 11 på søndag.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?