Det er påske. Kva handlar denne høgtida om? Om liding og død? Om martyrium og urett? Nei, primært om Guds evige kjærleik til oss menneske, me som er hans kjære og umistelege barn. Ingen må tru at Jesus var ein martyr. Ingen kunne ta livet hans. Nei, han gav det frivilllig. Når som helst kunne han blåsa fiendane sine av banen. Men nei. Han forholdt seg passiv. Måtte berre tola det dei gjorde med han. Kvifor? Fordi han med sitt eige liv og blod måtte betala for vår skuld, for å gje oss alle ein gylden sjanse til kunna ta imot tilgjeving for syndene våre og evig liv. Påske tyder «å gå forbi». Guds vreide over våre synder gjekk forbi oss og råka Jesus. Så er din utfrodring denne: Ikkje gå forbi Gud, men overgje deg til han med hud og hår, lat han få elska deg og frelsa di sjel.
Meir om dette kan du lesa her: God påske 2015