Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Velkomen til gudsteneste 3.søndag i advent

Komande søndag er det 3. søndag i advent. Advent tyder kome, og me ventar på, og førebur oss på, at Jesus skal koma attende for å setja alt i rett skikk. Det er pastor Jens Thoresen som skal tala på søndag, og teksten er Lukas 3,7-18. Denne teksten refererer essensen i forkynninga til Johannes døyparen, han som var sendt for å førebu folket på at Jesus skulle koma. Veldig interessant. Men før talen blir det samtale om teksten rundt borda. Vel møtt i Utbygdo grendahus kl. 11.  Det blir sjølvsagt eige program for barna.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?