Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

november 2014Monthly Archives

Program veke 48

Onsdag 26. november blir det disippelsamling hos Marit Aas i Kappelen 10 kl. 19.30.

Fredag 28.nov blir det møte i heimen til Gro og Anders Jansson på Seimsfoss kl. 20. Då er det pastor Jens Thoresen som skal tala. Tema er Efesarbrevet 2,11-22

Gro 24.mai Gro Jansson talar

Søndag 30.nov. feirar me gudsteneste for heile familien  i Utbygdo grendahus kl. 11. Då er det Gro Jansson som skal tala, og så er det 1.søndag i advent. Det går mot jul.

Gudsteneste søndag 23.november

indexSøndag 23.november tala Harald Ersland over 1.Peter 5,1-7. Det var rasande interessant. Her kan du lytta til talen:
http://www.mediafire.com/listen/l4m4njc0ji1gb5u/2014.11.23._1.Peter_5,1-7._Harald_Ersland.WMA

Fin jubileumsgudsteneste og jubileumsfest

Omlag 50 menneske var samla til gudsteneste og 20-årsjubileum denne søndagen. Det vart ein fin dag med fellesskap, lovsong, god mat til alle, mimring frå¨å «gamle dagar», helsingar og forkynning av Ordet.

Pastor Jens Thoresen snakka om «gjestfridom», og den talen kan du lytta til her: http://www.mediafire.com/listen/8tejsiejrj61y6d/2014.11.16._Gjestfridom._Pastor_Jens_Thoresen.WMA

 

20 ÅRS-JUBILEUM

2012-10-21 GudstenesteKristkyrkja på Stord vart grunnlagd 7.september 1994, og er altså 20 år i år. Dette markerer me på søndag, og inviterer alle på gudstenesta til JUBILEUMSFEST etterpå. Det blir deilig pizza før du kan forsyna deg grådig av spesiallaga JUBILEUMSKAKE.

På gudstenesta elles vil pastor Jens Thoresen tala om GJESTFRIDOM. Det kan bli veldig bra. Annbjørg Notland Reinertsen skal ha Søndagsskule. VEL MØTT TIL I UTBYGDO GRENDAHUS SØNDAG 16. NOVEMBER KLOKKA 11.

Nye medlemmer

Hans Gunnar og BeritI dag hadde me gleda av å ta Berit Hofstad og Hans Gunnar Nilssen opp som medlemmer i Kristkyrkja på Stord. Dei har gått i kyrkjelyden ei stund, og har følt på at dette er den rette staden for deira del. Velkomen skal dei vera.

Tale 9.november av Knut Arve Nordfonn

http://www.mediafire.com/listen/a1xz11xd8i9gosm/Tale_9.november._Knut_Arve.WMA
Bør lyttast til.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?