Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

60 årsfeiring med god mat, fellesskap og leik

Pastor Jens Thoresen fylte 60 år 11. september

Alle i kyrkjelyden var invitert til middag denne dagen, og 60 personar dukka opp og hadde med seg alle tenkelg gode kaker  til kaffien etterpå. Det kom  forresten fram under feiringa at Kristkyrkja spanderer Israelstur på pastoren og kona, og det vart naturlegvis strålande godt motteke av desse to.

Under feiringa vart det elles plass til leik med barna og masse skøy.

Elles hadde me ei fin gudsteneste saman der Marit Helene Aas talte innsiktsfullt over 1.Peter 2,1-10, og ei rad personar framførte eit dramastykke om «den miskunnsame samaritanen.» Ei flott lovsongsstund vart det også.

 

Lovsongsteamet med Marit Helene Aas, Elise Kulleseid og Ingvild Nordfonn Lovsongsteamet med Marit Helene Aas, Elise Kulleseid og Ingvild Nordfonn

 

Festlyden 60 personar til middag

 

Anna Naomi, Louise og Linn Elise dansa og song Anna Naomi, Louise og Linn Elise dansa og song

 

 

Anette Thoresen fekk oss til å leika. Ho er spesialist på tigerjakta Anette Thoresen fekk oss til å leika. Ho er spesialist på tigerjakta

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?