Søndag 28. september blir det gudsteneste for heile familien i Utbygdo grendahus kl 11. Vel møtt. Det blir ei såkalla samtalegudsteneste. Teksten me skal snakka om er 1. Peter 2,18-25. Elles blir det både søndagsskule og barnepass
september 2014Monthly Archives
Flott dåpsgudsteneste

Det vart ei fin og høgtidsam dåpsgudsteneste i dag. Og festen etterpå sto ikkje tilbake for noko.
Det var pastor Jens Thoresen som talte, og du kan lytta på talen ved å trykka på linken under.
http://www.mediafire.com/listen/d20t126uiuwyi5p/1.Peter_2,11_ff._Tale_21.sept.2014.WMA

60 årsfeiring med god mat, fellesskap og leik
Alle i kyrkjelyden var invitert til middag denne dagen, og 60 personar dukka opp og hadde med seg alle tenkelg gode kaker til kaffien etterpå. Det kom forresten fram under feiringa at Kristkyrkja spanderer Israelstur på pastoren og kona, og det vart naturlegvis strålande godt motteke av desse to.
Under feiringa vart det elles plass til leik med barna og masse skøy.
Elles hadde me ei fin gudsteneste saman der Marit Helene Aas talte innsiktsfullt over 1.Peter 2,1-10, og ei rad personar framførte eit dramastykke om «den miskunnsame samaritanen.» Ei flott lovsongsstund vart det også.



