http://www.mediafire.com/listen/zclv74hssj4z3b3/Tale_31.aug.2014._1.Peter_1,13-25.WMA
august 2014Monthly Archives
Gudsteneste med eksperimentell profil
Søndag blir det gudsteneste i Utbygdo grendahus kl. 11. Denne gongen eksperimenterer me litt. På linken nedanfor finn du morgondagens tekst samt nokre samtalespørsmål knytte til den. Studer teksten. Jobb litt med spørsmåla. På gudstenesta skal me prata om teksten i grupper før me deler inntrykk frå teksten med kvarandre. Så skal pastor Thoresen tala litt over enkelte element i teksten etterpå.
Vel møtt.
Gudsteneste med herleg iransk middag
Ei ung iransk kvinne kom, saman med vener, på besøk til kyrkjelyden i dag. Det måtte feirast med deiling iransk middag. Dei iranske kvinnene i kyrkjelyden hadde lagt mykje sjel og tid ned i dette nydelege måltidet. Fantastisk.
Her er nokre bilete av herlegdomen, og av folket som fekk nyta han 🙂
Her er det kylling og lammekjøt i deilige sausar. Ris med safran er ein viktig ingrediens, likeins salat med sitronsyre.
Naturell yoghurt er alltid sentral i eit iransk måltid. Krydder forma som ei kristen vedkjenning er meir uvavnleg.
Gudsteneste søndag 17.aug
Velkomen til gudsteneste i Utbygdo grendahus søndag 17.aug kl. 11.00. Pastor Jens Thoresen vil tala over 1.Petersbrev 5,1-5. Så blir det lovsong, søndagsskule, nattverd og kyrkjekaffi. Ta gjerne med litt bakverk 🙂