Det blir JESUSKVELD på Bjelland bedehus i kveld kl. 20. Vel møtt
juni 2014Monthly Archives
Tale
Her er talen pastor Jens Thoresen heldt på Seimsfoss 6.juni. Nokre meinte han burde høyrast to gonger.
http://www.mediafire.com/listen/xo9w3kpuion8bz3/Efesarbrevet_1,15-22.WMA
Pinsegudsteneste på stranda
Det var heller ein liten flokk som stilte til start til pinsegudsteneste på stranda i dag. Men det betyr ikkje så mykje. Det vart ei fin stund, og som ein ser av bilete så kosa ungane seg masse. Her gjer dei seg skikkeleg til også då.
Pastor Jens Thoresen sa at Den heilage ande vart sendt frå himmelen for å overta etter Jesus. «Alle kristne har Andens gåve, men akk så få har hans kraft. Pinse handlar om å få del i Andens kraft.»
Her kan du høyra talen: http://www.mediafire.com/listen/lgid5vnzq1uyvn1/Tale_1._pinsedag_2014.WMA
Jesuskveld
Det blir Jesuskveld på Bjelland bedehus onsdag 4.juni kl. 20.00. Du er hjarteleg velkomen til lovsong, vitnemål, undervisning og nattverd.
Ei solfylt og herleg helg på Solgry
Me fekk ei herleg helg på Solgry. Sola var med oss heile tida og barn og vaksne bada, prata, padla, køyrde go-cart, spela minigolf, leika med ball og meir til, og så hadde me kjekke møter innimellom. Tema for helga «Saman nær Gud,» og me fekk mange fine innspel på dette. Det vart lagt vekt på at hovudpoenget med Jesu liv, død og oppstode var at han ville legga grunnlaget for eit nytt stort fellesskap mellom oss og seg, og oss i mellom.
På familiemøte laurdag føremiddag vart forteljinga om den travle Marta og den lyttande Maria dramatisert på ein framifrå måte. Det var veldig talande. Marit Aas spelte Marta, og Annbjørg Reinertsen og Jørn Rune Reinertsen var høvevis Maria og Lasarus.

