Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Ei solfylt og herleg helg på Solgry

Me fekk ei herleg helg på Solgry. Sola var med oss heile tida og barn og vaksne bada, prata, padla, køyrde go-cart, spela minigolf, leika med ball og meir til, og så hadde me kjekke møter innimellom. Tema for helga «Saman nær Gud,» og me fekk mange fine innspel på dette. Det vart lagt vekt på at hovudpoenget med Jesu liv, død og oppstode var at han ville legga grunnlaget for eit nytt stort fellesskap mellom oss og seg, og oss i mellom.

På familiemøte laurdag føremiddag vart forteljinga om den travle Marta og den lyttande Maria dramatisert på ein framifrå måte. Det var veldig talande. Marit Aas spelte Marta, og Annbjørg Reinertsen og Jørn Rune Reinertsen var høvevis Maria og Lasarus.

Mange nytta høve til å få seg eit bad i det fine været Mange nytta høve til å få seg eit bad i det fine været Knut Arve var Jesus, som vanleg I skodespelet om Marta og Maria spela  Knut Arve Nordfonn Jesus.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?