Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Strålande konfirmasjonsdag på Solgry

Theodor 1 Det vart ein strålande dag på Solgry med mange blide gjester og ein topp opplagt konfirmant. Det var lett for folk å tala om og til Theodor. Han er ein ung mann med mange talent som kjem godt overeins med alle, ein ven av beste merke.

Theodor har hatt konfirmasjonsundervisning i ei ungdomsgruppe leida av Knut Arve Nordfonn. Dei to hadde ein god prat for open scene før Knut Arve og pastor Jens Thoresen sto for sjølve konfirmasjonshandlinga.

I talen sin sa pastor Thoresen at konfirmasjon tyder stadfesting og styrking, og at det er Gud som stadfester for konfirmanten at den store gåva han fekk i dåpen framleis er hans, og at han vil styrka han med Andens kraft og føra han inn i eit sigrande kristenliv, slik som han gjorde med dei nye kristne i Samaria som me kan lesa om i Apostelgjerningane 8.

Etter gudstenesta var det då middag og kaffi der alle på gudsteneste var invitert til å ta del i. Det vart ei hyggjeleg og gripande stund.

konfirmant og foreldreHer er konfirmanten saman med mamma Tone Synneve og pappa Åsmund.

Foreldra hadde lagt ned ein stor jobb for at festen skulle bli av beste merke, og dei lukkast til dei grader med det. Alle reiste heim med gode tankar og med lys i sinnet.

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?