Det vart ei veldig fin gudsteneste hos May-Britt og Harald Ersland i dag. Folk kosa seg i sommarvarmen, og prisa og takka Gud for alle hans gode gåver. Pastor Jens Thoresen tala om å leva i Den Heilage Ande ut frå Galatarbrevet 5,16. Du kan lesa talen om du vil. Den vart godt motteken av lyden.
Natt til søndag var ein god kontingent av oss på nattevangelisering. I forkant av turen var me saman og bad. Då minna Gud oss om at det me ville koma til å møta mange folk som er i sorg. Og det gjorde me verkeleg. Me lytta til dei, gav dei Guds ord og fekk be for mange. Det er kamp rundt dei unge, men mange av dei er veldig opne for Gud.