Det blir JESUSKVELD på Bjelland bedehus i kveld kl. 19.30. Dei som vil ha kvelds og sosialt samvær møter klokka 19.
april 2014Monthly Archives
«Her må de vera kvar laurdagskveld!» Mange ville snakka om Jesus påskafta.
Bilete vart litt dårleg, MEN NATTA VART GOD. Frå 11 til 2 var det eit renn med unge menneske som ville prata om Jesus, varma seg ved bålpanna og forsyna seg med lappekaker og kaffi. Ein av dei unge vart verande saman med oss meir eller mindre heile natta. Han hadde vore tung til sinns før han gjekk ut. Men då han fann oss, fekk han ny energi, og humøret kom tilbake. Han hadde tenkt seg på restaurant, men droppa det. Var mykje kjekkare å vera på torget med det livet som var der. Ein annan sa: «Her må de vera kvar laurdagskveld». Det slår ikkje feil: Kjærleiken skaper trivsel, lys og håp.
PROGRAM FOR PÅSKEVEKA
Langfredag: Gudsteneste for heile familien i Utbygdo grendahus kl.11. Eit lite pasjonsspel får du med deg.
1.påskedag: Gudsteneste for heile familien i Utbygdo grendahus kl. 11. Det blir dramastykke denne gudsteneste også.
Palmesøndag
Palmesøndag blir det IKKJE gudsteneste i Kristkyrkja.