Sterk tale i dag av Stig Magne Heitmann frå Åpne Dører om situasjonen i Midt-Austen.
Heitmann fortalde frå besøk i Egypt og Libanon. I Egypt samlar 10000 unge menneske seg til bønemøter, muslimar møter fram på ortodokse gudstenester for å bli kvitt dei demoniske maktene som plagar dei og kyrkja veks med rekordfart midt i aukande forfølging.
I Libanon møtte han kristne leiarar frå Syria som kan fortelja om eit knust folk der stadig fleire vender seg mot Jesus Kristus for å få frelse og hjelp, og dei kunne fortelja om eit påfallande nærvær av Gud i Damaskus. Lytt til talen og la deg inspirera.
http://www.mediafire.com/download/c44mjc1a61jqosa/Stig_M_Heitmann_30.mars_2014._Gen.3,15.WMA