Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

«På pottemakaren si dreieskjeve». Tale av Eivind Frøen 23. februar

Eivind Frøen feb. 2014Evangeliet om Jesus Kristus handlar ikkje berre om forlating for syndene, men og attreising av heile menneske, eller for å seia det slik: attreising av Guds bilete i menneske. Me er ikkje små og uvesentlege, men heilt unike kvar og ein av oss, og lite ringare enn Gud (Salme 8).  Me er skapte for å skapa, for å setja gode spor etter oss på jorda.

Men det gjekk gale med så mange av oss, og det vart vonde spor etter oss i andres liv. Me synda mot Gud og nesten, og vart til sorg og ikkje til glede. Men Gud er som ein pottemakar (Jeremia 18). Dersom det går gale med emnet han jobbar med på dreieskiva, knar han leira saman på nytt og formar klumpen ein gong til heilt til resultatet er som han ønskjer det. Slik er den Gud me har. Han gir oss ikkje opp. Dersom me legg oss i hans hender, formar han liva våre på nytt. Dette er pottemakaren sitt evangelium.   «Eg vil dela ein løyndom med dykk i dag,» sa Frøen, «og det er: EVANGELIET GJELD OGSÅ FOR KRISTNE».

Lytt til talen her:

http://www.mediafire.com/download/sfr91tbh9fvbjou/Eivind_Frøen_22._feb_Ære_2.WMA

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?