Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Inspirasjonshelg med Eivind Frøen

Eivnd-Frøen21.-23. februar inviterer me til Inspirasjonshelg med Eivind Frøen. Det er eitt år sidan han sist var på Stord, og me ser med stor forventning fram til denne helga. Eivind Frøen er ein av dei store kristne misjonspionerane i vår tid. Han grunnla i si tid den norske avdelinga av verdas største misjonsorganisasjon Ungdom I Oppdrag, og seinare sto han i spissen for å etablera Asia Link. Han reiser i dag i mange land i Asia, og mest i Kina, der han besøker ulovlege huskyrkjer for å inspirera dei truande og undervisa leiarar.

Eivind Frøen er ein dynamisk og radikal forkynnar som loddar djupt i Guds ord. Han overbeviser ikkje-kristne om sanninga i Bibelen, og utfordrar kristne til nærare etterfølging av Jesus Kristus. Dei kristne i Kina er vane med å lida for trua si, og dei er opptekne av å ofra alle goder for å realisera misjonsbefalinga. Forkynninga til Frøen er prega av at han lever saman med slike folk.

Konferansen denne helga blir viktig for Kristkyrkja, men mest av alt for den enkelte som vil vera med på møtene. Her er det fornying og stor inspirasjon å henta.

Alle er hjarteleg velkomen. Program finn du ved å klikka på linken under.
Møtene fredag og laurdag blir påBjelland bedehus. Då oppfordrar me folk til å parkera ved i-Box, 2-300 meter frå lokalet. Gudstenesta søndag blir i Utbygdo grendahus.

Program Frøenhelg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?