Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

februar 2014Monthly Archives

«På pottemakaren si dreieskjeve». Tale av Eivind Frøen 23. februar

Eivind Frøen feb. 2014Evangeliet om Jesus Kristus handlar ikkje berre om forlating for syndene, men og attreising av heile menneske, eller for å seia det slik: attreising av Guds bilete i menneske. Me er ikkje små og uvesentlege, men heilt unike kvar og ein av oss, og lite ringare enn Gud (Salme 8).  Me er skapte for å skapa, for å setja gode spor etter oss på jorda.

Men det gjekk gale med så mange av oss, og det vart vonde spor etter oss i andres liv. Me synda mot Gud og nesten, og vart til sorg og ikkje til glede. Men Gud er som ein pottemakar (Jeremia 18). Dersom det går gale med emnet han jobbar med på dreieskiva, knar han leira saman på nytt og formar klumpen ein gong til heilt til resultatet er som han ønskjer det. Slik er den Gud me har. Han gir oss ikkje opp. Dersom me legg oss i hans hender, formar han liva våre på nytt. Dette er pottemakaren sitt evangelium.   «Eg vil dela ein løyndom med dykk i dag,» sa Frøen, «og det er: EVANGELIET GJELD OGSÅ FOR KRISTNE».

Lytt til talen her:

http://www.mediafire.com/download/sfr91tbh9fvbjou/Eivind_Frøen_22._feb_Ære_2.WMA

 

Ære, himmelens valuta, seminar med Eivind Frøen 22. februar

Lovsongsteamet feb 2014Det var ei strålande helg med Eivnd Frøen. Han skuffa oss ikkje. Som alltid klar, tydeleg og varm. Laurdags føremiddag heldt han eit seminar om det å æra kvarandre., Dersom kristne gjer det, kjem Gud nær og gjer sine gjerningar. «Ære er himmelens valuta, som bringer himmelen til jorda og er ein nøkkel til vekking.»

Under kan du lytta til desse tankevekkande undervisningssekvensane. Om kvelden  hadde me ei veldig fin stund saman der me fekk lovsyng både med»Anden og forstanden», som vel Paulus ville ha kalla det :). På bilete se du Marit Aas, Inger Liv Nordfonn og Ingvild Nordfonn.

http://www.mediafire.com/download/39c3c0gp100g35c/Eivind_Frøen_22.feb._Ære_1.WMA

 

http://www.mediafire.com/download/sfr91tbh9fvbjou/Eivind_Frøen_22._feb_Ære_2.WMA

 

 

 

Tale av Eivind Frøen 21. feb. Guds visdom

«Du ber og du ber om at Gud skal forandra omstendighetane i livet ditt, men ingenting skjer. Så blir du fortvila og begynner å lura på om han elskar deg, og når det skjer, begynnar trua di å falma. Men det du ikkje har forstått, er at Gud ikkje først og fremst er oppteken av å forandra på omstendighetane i livet ditt, har er oppteken av å forandre DEG, og gjera deg meir lik JESUS!»  Dette sa Eivind Frøen på møtet i går kveld, og sette ting i perspektiv for tilhøyrarane.Så synte han frå Bibelen korleis dette stemmer med Guds handlemåte med tenarane sine, mellom anna Josef som måtte tilbringa år i egyptisk fengsel, og David i årevis som måtte røma frå kong Sauls mørke raseri. Nedanfor kan du lytta til heile denne flotte talen. Møtene held fram i dag kl 11 og 19.30 på Bjelland bedehus, og i morgon kl. 11 i Utbygdo grendahus.

http://www.mediafire.com/download/l4uorpekm9jab4l/Eivind_Frøen_21._feb._Guds_visdom.WMA

Eivind 21. feb.

Inspirasjonshelg med Eivind Frøen

Eivnd-Frøen21.-23. februar inviterer me til Inspirasjonshelg med Eivind Frøen. Det er eitt år sidan han sist var på Stord, og me ser med stor forventning fram til denne helga. Eivind Frøen er ein av dei store kristne misjonspionerane i vår tid. Han grunnla i si tid den norske avdelinga av verdas største misjonsorganisasjon Ungdom I Oppdrag, og seinare sto han i spissen for å etablera Asia Link. Han reiser i dag i mange land i Asia, og mest i Kina, der han besøker ulovlege huskyrkjer for å inspirera dei truande og undervisa leiarar.

Eivind Frøen er ein dynamisk og radikal forkynnar som loddar djupt i Guds ord. Han overbeviser ikkje-kristne om sanninga i Bibelen, og utfordrar kristne til nærare etterfølging av Jesus Kristus. Dei kristne i Kina er vane med å lida for trua si, og dei er opptekne av å ofra alle goder for å realisera misjonsbefalinga. Forkynninga til Frøen er prega av at han lever saman med slike folk.

Konferansen denne helga blir viktig for Kristkyrkja, men mest av alt for den enkelte som vil vera med på møtene. Her er det fornying og stor inspirasjon å henta.

Alle er hjarteleg velkomen. Program finn du ved å klikka på linken under.
Møtene fredag og laurdag blir påBjelland bedehus. Då oppfordrar me folk til å parkera ved i-Box, 2-300 meter frå lokalet. Gudstenesta søndag blir i Utbygdo grendahus.

Program Frøenhelg

«Guds ord i ditt liv» av Gro Jansson

Lytt til denne grundige, veloppbygde, klår og inspirerande talen om betydningen av Guds ord i liva våre. Denne talen vil få deg til å ta Bibelen fram og fordjupa deg i bodskapen frå Gud.

http://www.mediafire.com/download/wvmd9s8r01jvd11/Guds_ord_i_ditt_liv._Gro_Jansson._9.febr.14(2).WMA

 

Gudsteneste på Såmannssøndagen

Gro 24.maiSøndag den 9.februar er du velkomen til gudsteneste i Utbygdo grendahus kl. 11.

Denne søndagen er det Gro Jansson som skal tala Guds ord. Tema er Guds ord i ditt liv.

Ettersom dette er den såkalla Såmannssøndagen, vert det kollekt til Gideon bibelmisjon.

VEL MØTT TIL EI FESTSTUND I GUDS FAMILIE

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?