Me ønskjer kvarandre alt godt for det nye året. Men me veit jo at mange ting vil henda som ikkje blir særleg godt. Slik er det alltid. Men me har det privelegium som Guds barn å omforma all smerte og alle umogelege situasjonar til BØN. Mange av oss ber først og fremst for oss sjølve og våre næraste. Men Gud vil at me skal løfta blikket i 2014 og bli slike menneske som ber for andre, bli forbedarar. Jesus er… Continue reading
desember 2013Monthly Archives
«Gloria in excelsis Deo!»
Lovsongen ljoma i Kristkyrkja på julafta då barna framførte syngjespelet om Jesu fødsel. Særleg tok dei godt under englesongen, «Gloria in excelsis Deo». I det heile var dei veldig flinke og gjennomførte heilt perfekt. Applausen og premien etterpå var vel fortent.
Det var fullt hus og veldig god stemning på gudstenesta. Pastor Jens Thoresen talte om den gåva Jesus er for alle menneske, om gleda som råka gjetarane og kor ivrige dei må ha vore i ettertid å fortelja om Frelsaren til alle dei møtte. Meir utfyllande tekst kan du lesa ved å gå inn på linken under.
Me ønskjer med dette alle ei god jul og eit godt nyttår.
Julafta
På julafta er du hjarteleg velkomen til familiegudsteneste i Utbygdo grendahus kl. 15.00. Som så mange år før vil barna i kyrkjelyden framføra julespelet sitt der du møter Maria og Josef, eit par englar og nokre gjetara. I tillegg vil du få med deg nokre gode gamle julesongar, samt ein andakt av pastor Jens Thoresen.
Gudsteneste med dåp
Søndag 15.desember blir det gudsteneste i Utbygdo grendahus kl. 11. Då vert det dåp av vesle Frida Sofie som vart fødd den 28. august. Foreldra er Anette Angeltveit Thoresen og Erlend Thoresen.
Det er pastor Jens Thoresen som talar denne søndagen. Elles vert det solosong av Kristin Sundfør.
Alle er hjarteleg velkomen til å vera med på denne feststunda.
Gudsteneste søndag 8. des
Velkomen til gudsteneste for heile familien søndag 8.desember. Då er Knut Arve Nordfonn (bilete) som skal forkynna Guds ord. Det må berre bli bra 🙂 Kyrkjekaffi etter gudstenesta.
PROGRAM VIDARE:
Mandag 9. desember: Bønnemøte på Bjelland bedehus kl. 17
Onsdag 11. desember: kl. 06.00: Bønnemøte for morgonfuglar på Bjelland bedehus.
Kl 19.30: Jesuskveld med lovsong, bøn bibelundervisning og fellesskap på Bjelland bedehus
«Krafta i felles og einig bøn»
Talen den 1. desember handlar om krafta i felles og einig bøn. Her kan du lytta til den, om du vil
http://www.mediafire.com/listen/cyqawstirzi6dtp/Krafta%20i%20felles%2C%20einig%20bØn.WMA