Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

november 2013Monthly Archives

Gode ting å henta på Agenda 1 konferanse

Frå venstre: Egil elling Ellingsen, biskop Graham Grey og Steve Bruns, tre sentrale personar i årets Agendakonferanse Fire sentrale personar på årets Agendakonferanse, frå venstre: Egil Elling Ellingsen, biskop Graham Grey og Steve Bruns, og Irene Cave.

Det var sterke inntrykk å henta frå årets Agenda 1 konferanse. Den anglikanske biskopen Graham Grey var hovudtalar. Han er til vanleg stasjonert i Cambrigde utanfor London, og jobbar i ein kyrkjeleg organisasjon som kallar seg Fresh Expression (Nytt uttrykk) som etablerer nye kyrkjelydar over heile England, kyrkjelydar som har evne til å kommunisera med menneske som aldri har vore i kontakt med den tradisjonelle kyrkja. I dag er det 120 000 menneske med i dette nettverket av nye kyrkjelydar, og det veks fort.

Grey underviste ut frå misjonstekstar i Matteus, Lukas og i Apostelgjerningane, og la vekt på at me må lytta til Gud og hans planar før me går i gong med å leggja våre eigne. Som regel går Guds rike fram ved at Gud rett og slett berre knuser våre planar til fordel for sin eigne. Det viser Skrifta mange døme på. For å få vita meir om Graham Grey og Fresh Expression kan du gå inn på denne linken:  http://www.freshexpressions.org.uk/

På laurdag var ein flott gjeng frå Kristkyrkja på Stord samla. Her er eit bilete frå lunsjen. Pastor Jens Thoresen er fotograf.

Kristtkyrkjegjengen på Agendakonf 2013

 

 

 

Folksam gudsteneste 3. nov.

ToneGudstenesta 3.november var godt besøkt, og halvparten av dei frammøtte var gledeleg nok barn. Det høver fint ettersom me ønskjer å vera «Barnas kyrkjelyd».

Tone reinertsen Hellesøy (bilete)  song to songar til oss som ho hadde laga sjølv. VELDIG BRA! Her må det vel snart koma ein CD :).

Pastor Jens Thoresen talte over Lukas 18.1-8. Tema var «Be alltid, og miss ikkje motet.»

Her kan du høyra talen:

http://www.mediafire.com/listen/x7twqxt43jr1ee1/3.nov.2013._Be_alltid._Pastor_Jens_Thoresen..WMA

 

Gudsteneste søndag 3.november.

profil2På gudstenesta komande søndag er teksten Lukas 18,1-8. Det er Jesus som snakkar om bøn. Og kva seier han til venene sine? At dei ALLTID skal be og ikkje mista motet, eller ikkje bli trøytte, som det sto før.  Vidare poengterer han at du overlever som kristen på jorda kun ved å vigsla deg til bøn. Berre slik kan trua di bevarast, og Kristus vil finna deg verdig sitt rike når han kjem att.

Det er pastor Jens Thoresen som talar denne søndagen, og Tone Reinertsen Hellesøy vera med oss og synga nokre av sangane sine.
Tone Synneve Myklebust Hellesøy vil leida lovsongen.

Marit Aas har ansvar for søndagsskulen.

MISJONSKOLLEKTEN DENNE SØNDAGEN GÅR TIL DEN MESSIANSKE KYRKJELYDEN BEIT ELIAHU I HAIFA.

VEL MØTT I UTBYGDO GRENDAHUS KL. 11

120 menneske i fakkeltog for forfølgde kristne

Om lag 120 menneske møtte fram på torget torsdag 31. oktober for å gå i fakkeltog for forfølgde kristne verda over. Fremst i toget gjekk Linn Elise Sjursen saman med ei veninne. Dei var begge i godt humør og synte seg som gode føregongsjenter 🙂 På torget var det sokneprest Aksel Lygre som heldt ein varm og innsiktsfull appell. Han kunne fortelja at det sit minst 50000 kristne i Nord-Koreanske fangeleirar. Kanskje er talet så høgt som 70000. «Å forfølgja kristne… Continue reading »

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?