Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

november 2013Monthly Archives

Program for helga og neste veke

Jens 7SØNDAG 1. DESEMBER  vert det GUDSTENESTE i Utbygdo grendahus kl. 11. Då er det pastor Jens Thoresen som skal tala. Emne er «Krafta i enig bøn.» Jesus har gjeve oss eit sterkt løfta om å svara oss når me kjem saman for å be og er einige om kva me skal be om. Me bør ikkje gå glipp av den rikdomen som han her tilbyr oss her 🙂

Denne søndagen er det Jens som også tek søndagsskulen. Tema vil vera prega av at det er 1. søndag i advent.

MÅNDAG 2.DESEMBER: Bøn i Bjelland bedehus kl. 17

ONSDAG 4 DESEMBER: Bøn kl. 06.00 og JESUSKVELD kl. 19.30 i Bjelland bedehus. Vel møtt til alle samlingane.

Dagen tale

Harald Ersland. 1. Johannes 4,11-16
http://www.mediafire.com/listen/ycpsc4uvccbfaea/24.nov.%202013.%20Harald%20Ersland.%201.Joh.4%2C10-16.WMA

Program for komande veke

indexSØNDAG 24.november: GUDSTESTENESTE i Utbygdo grendahus kl. 11. Harald Ersland (bilete)skal forkynna Guds ord. Annbjørg Notland Reinertsen vil ha søndagsskule og snakka til dei små. Elles vert det lovsong, forbønsteneste og nattverd.

MÅNDAG 25.november: BØNNESAMLING på Bjelland bedehus kl. 17.00

ONSDAG 27.november: JESUSKVELD på Bjelland bedehus kl. 19.30. Me kjem saman for å dela Guds godleik med kvarandre, lovsynga Jesus, lytta til Guds ord, feira nattverd og ha fellesskap. Det er den gamle suksessoppskrifta 🙂

VEL MØTT TIL ALLE SAMLINGANE I KRISTKYRKJA.

Marit Helene Aas klar for misjonstur til India, Nepal og Bhutan

MaritOm kort tid reiser Marit Helene Aas på misjonstur med Asia Link til India, Nepal og Bhutan. Misjonen har lege på hjarta hennar i mange, mange år, og difor er me veldig glade for at ho får denne turen no. Me ber om at det skal bli ei kanonbra oppleving for henne, at alt skal gå knirkefritt for seg, at ho skal få sjå menneske koma til tru og at Guds kraft skal verka i og gjennom henne til legedom for sjuke og fridom for bundne.

Desse vekene Marit er det me i Kristkyrkja som har spesielt bøneansvar for henne.

Fellesgudsteneste i Stord kyrkje 17.november

Dittmann_JonGeirSøndag den 17. november er det SØNDAG FOR DEI FORFØLGDE KRISTNE, og då er me inviterte til FELLESGUDSTENESTE i Stord kyrkje kl 11. Dette blir ei JAZZGUDSTENESTE der JON GEIR DITTMANN (bilete) frå Stefanusalliansen skal tala.

Jesuskveld på Bjelland bedehus onsdag.

Onsdag 13.november er du hjarteleg velkomen til ein herleg JESUSKVELD på Bjelland bedehus kl. 19.30.Då skal me lovsynga Gud saman, dela gode ting med kvarandre, lytta til forkynninga av Guds ord og feira nattverd.

Pastor Jens Thoresen skal tala om då Jesus og venene hans var i bryllaup i Kana i Galilea og måtte gjera vatn om til vin.
Ei strålande forteljing som har så mykje å læra oss om bøn og om gleden i Guds rike.

VEL MØTT!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?