Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Tim A Peters: Noko held på å skje i Nord Korea som kan skapa endring om ikkje lenge!»

Tim Peters, Jens og Eli. 29.okt.2013.NLA

I samband med fakkeltoget for dei forfølgde torsdag 31. oktober, var Eli Minde og pastor Jens Thoresen og møtte Tim A Peters i Bergen tysdag. Peters har skipa og leier organisasjonen Helping Hands Korea som har som føremål å hjelpa flyktningar som kjem frå Nord Korea til Kina vidare til Sør Korea, ved sida av at dei tek seg av mange barn fødde av nordkoranske kvinner som blir gravide med kinesiske menn. Barna dei får er illegitime, og får reduserte rettar i samfunnet.

Tim A Peters gav oss eit nærare innblikk i korleis det nordkoreanske regimet undertrykker befolkninga på ein skremmande effektiv måte. Dersom ein person blir teken i å bryta lova eller gjera noko som ikkje behagar autoritetane, blir heile familien straffa. Samfunnet er prega av matmangel. Folk er underernærte og feilernærte. Dessutan kjem det bølgjer av regulær svolt. Tuberkulose, tyfus og paratyfus er vanlege sjukdomar i befolkninga. Gjennomsnittleg levealder er svært låg.

Politisk opposisjon er det lite av. Likevel kjem det no ut opplysningar om at noko er på gang. Peters var forsiktig optimist. Befolkninga har vore isolert frå resten av verda, og det har vore umogeleg for dei å få opplysningar om korleis folk lever utanfor Nord-Korea. Dei har lenge trudd at heimlandet deira var eit paradis. No er det ting som tyder på at dei ikkje lenger kan halda sanninga ute. Stadig fleire får vita om at folk i sør lever i fridom og utan frykt. Noko er på gang. Men me må be, sa Peters. Det er Gud som må gripa inn og fri dette folket ut av det statlege slaveriet og den menneskelege og åndelege nauda som Kim-dynastiet har påført dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?