Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Fokus på Israel 18.-20. oktober. Besøk frå den Internasjonale Kristne Ambassade i Jerusalem (ICAJ)

Dag-Oyvind_0Pål Pettersen18.-20 oktober får Kristkyrkja, saman med Stord Bibelsenter og Den Frie Evangeliske Forsamling på Stord og Mosterhamn besøk av Dag Øyivind Juliussen (bilete til venstre) og Pål Pedersen frå den Internasjonale Kristne Ambassade i Jerusalem. Det vert ungdomsmøte på Sion Mosterhamn fredag kveld, møter på Stord ungdomsskule laurdag kl. 12 og 16 (med ein god matpause i mellom) samt møte på Sion Mosterhamn søndag kl. 11.

Me trur at Israel er Guds utvalde folk, at han har vald dei ut for å gjera namnet sitt kjent og æra på jorda. Difor vil me velsigna Israel og trøysta folket når det er i naud.

I denne tida, som me trur er den siste før Jesus kjem att, vil det vera veldig viktig å forstå Israel og jødefolket sin spesielle plass i Guds plan med verda. Det er tema for denne helga. VEL MØTT!

Her er eit kart over Vabakkenområdet. Stord ungdomsskule finn du ved sida av Stord Sportssenter.

kart over vikahaugane

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?