Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Engasjert og uhyre viktig undervisning om Israels plass i Guds plan med verda

Dag Øyvind Juliussen«Gjennom Israel har Guds frelse nådd fram til oss i Noreg. Utan Israel, ingen Bibel, utan Bibelen, ingen Jesus, utan Jesus,  ingen frelse. Me står i gjeld til dette folket, og det skulle berre mangla om me ikkje skal betala attende litt av denne gjelda.»

Dette var litt av det som Dag Øyvind Juliussen underviste om på Israelsdag på Stord ungdomsskule laurdag 19.oktober. Det vart ein veldig engasjerande dag. Først frukostsamling med kristenleiarar på Stord og Bømlo, så to rundar med undervisning med matpause i mellom. Harald Ersland hadde laga ei utruleg god betasuppe som fryda alle ganar.

Her kan du lytta til denne viktige undervisninga. Den kan vera ein augneopnar for nokon kvar.
Sekvens 2A startar med eit inspirerande innlegg frå Pål Pedersen, som er Juliussen sin medarbeidar med ansvar for ungdomsarbeidet til den Internasjonale Kristne Ambassade i Jerusalem avdeling Noreg.

http://www.mediafire.com/listen/wv60cb2gefj2tm5/Israelseminar_del_1._D.%C3%98.Juliussen.WMA

http://www.mediafire.com/listen/klwxty4sfydjzf0/Israelseminar_del_2A._D.%C3%98._Juliussen.WMA

http://www.mediafire.com/listen/787u7fdnh16f771/Israelseminar_del_2B._D.%C3%98._Juliussen.WMA

 

 

Mellom 60 og 70 menneske var møtt fram på seminaret

Israelseminar 18-20.okt

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?