Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

oktober 2013Monthly Archives

Tim A Peters: Noko held på å skje i Nord Korea som kan skapa endring om ikkje lenge!»

I samband med fakkeltoget for dei forfølgde torsdag 31. oktober, var Eli Minde og pastor Jens Thoresen og møtte Tim A Peters i Bergen tysdag. Peters har skipa og leier organisasjonen Helping Hands Korea som har som føremål å hjelpa flyktningar som kjem frå Nord Korea til Kina vidare til Sør Korea, ved sida av at dei tek seg av mange barn fødde av nordkoranske kvinner som blir gravide med kinesiske menn. Barna dei får er illegitime, og får reduserte… Continue reading »

Lytt til Gro Jansson sin sterke tale om kvifor det er viktig for oss som trur å lovsyngja Gud

http://www.mediafire.com/listen/dnz3zq0z0jpt4p0/Gro_Jansson._Lovosongen._27.10.13.WMA

FAKKELTOG MOT KRISTENFORFØLGING TORSDAG 31.OKOTBER

Faklane lyste opp torget torsdag kveld

Torsdag den 31. oktober, på sjølve reformasjonsdagen, blir det fakkeltog frå Leirvik torg til Stord kyrkje for alle som vil markera motstand mot forfølging av kristne og brot på dei grunnleggande menneskerettane. Arrangementet startar på torget kl 18.30. Når toget kjem til kyrkja, blir alle invitert til å vera med på song, tale og bøn i kyrkja.

På torget vil sokneprest Aksel Lygre halda appell, og i kyrkje blir det tale av sokneprest Erik Tappel Ådland. ALLE ER VELKOMEN TIL Å TA DEL I DETTE VIKTIGE ARRANGEMENTET.

 

Gudsteneste 27.oktober

GroSøndag 27.oktober er det gudsteneste i Utbygdo grendahus kl. 11. Då er det Gro Jansson som skal tala. Ho er veldig flink til det. Marit Helene Aas skal ha søndagsskulen. Ingvild og Knut Nordfonn skal leida lovsong.

Vel møtt til alle!

 

Gro Jansson på bilete

Engasjert og uhyre viktig undervisning om Israels plass i Guds plan med verda

Dag Øyvind Juliussen«Gjennom Israel har Guds frelse nådd fram til oss i Noreg. Utan Israel, ingen Bibel, utan Bibelen, ingen Jesus, utan Jesus,  ingen frelse. Me står i gjeld til dette folket, og det skulle berre mangla om me ikkje skal betala attende litt av denne gjelda.»

Dette var litt av det som Dag Øyvind Juliussen underviste om på Israelsdag på Stord ungdomsskule laurdag 19.oktober. Det vart ein veldig engasjerande dag. Først frukostsamling med kristenleiarar på Stord og Bømlo, så to rundar med undervisning med matpause i mellom. Harald Ersland hadde laga ei utruleg god betasuppe som fryda alle ganar.

Her kan du lytta til denne viktige undervisninga. Den kan vera ein augneopnar for nokon kvar.
Sekvens 2A startar med eit inspirerande innlegg frå Pål Pedersen, som er Juliussen sin medarbeidar med ansvar for ungdomsarbeidet til den Internasjonale Kristne Ambassade i Jerusalem avdeling Noreg.

http://www.mediafire.com/listen/wv60cb2gefj2tm5/Israelseminar_del_1._D.%C3%98.Juliussen.WMA

http://www.mediafire.com/listen/klwxty4sfydjzf0/Israelseminar_del_2A._D.%C3%98._Juliussen.WMA

http://www.mediafire.com/listen/787u7fdnh16f771/Israelseminar_del_2B._D.%C3%98._Juliussen.WMA

 

 

Mellom 60 og 70 menneske var møtt fram på seminaret

Israelseminar 18-20.okt

 

 

Fokus på Israel 18.-20. oktober. Besøk frå den Internasjonale Kristne Ambassade i Jerusalem (ICAJ)

Dag-Oyvind_0Pål Pettersen18.-20 oktober får Kristkyrkja, saman med Stord Bibelsenter og Den Frie Evangeliske Forsamling på Stord og Mosterhamn besøk av Dag Øyivind Juliussen (bilete til venstre) og Pål Pedersen frå den Internasjonale Kristne Ambassade i Jerusalem. Det vert ungdomsmøte på Sion Mosterhamn fredag kveld, møter på Stord ungdomsskule laurdag kl. 12 og 16 (med ein god matpause i mellom) samt møte på Sion Mosterhamn søndag kl. 11.

Me trur at Israel er Guds utvalde folk, at han har vald dei ut for å gjera namnet sitt kjent og æra på jorda. Difor vil me velsigna Israel og trøysta folket når det er i naud.

I denne tida, som me trur er den siste før Jesus kjem att, vil det vera veldig viktig å forstå Israel og jødefolket sin spesielle plass i Guds plan med verda. Det er tema for denne helga. VEL MØTT!

Her er eit kart over Vabakkenområdet. Stord ungdomsskule finn du ved sida av Stord Sportssenter.

kart over vikahaugane

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?