Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Agenda 1 lærefellesskap 19.-21. sept. Stikkord :OIKOS og godleik

Marit og KnutDet var Marit Aas, Knut Arve Nordfonn og Jens Thoresen som representerte Kristkyrkja på læresamlinga denne gongen. Tema var «Storfamilien som misjonal arbeidsform». Jesus gjorde mange av sine mektige gjerningar innafor rama av ein storfamilie, ein OIKOS, som det heiter på gresk. Kjernefamilien er etter måten eit  nytt påfunn. Det vanlege heilt fram til moderne tid var at generasjonane budde saman, og det var fleire personar som hadde nærleik til kvarandre og kunne dra omsorg for kvarandre.

Går me til Apostelgjerningane ser me at dette også var slik i romerske heimar, som i kapittel 10 der me les om Kornelius som samla ein heil gjeng som høyrde til husstanden hans då Peter kom og delte Jesus med dei.

Agenda 1 handlar om å vinna menneske for Gud ved å jobba målmedvite med disippelskap, misjonale fellesskap og godleik. Eit misjonalet fellesskap er ein varig venskapsrelasjon  mellom kristne og enno-ikkje kristne.

Det er veldig interessant å vera på lærefellesskap . ME får me mykje god undervisning og me brukar mykje tid  i grupper der kvar kyrkjelyd utarbeidar mål for dei neste 6 månadane. Det blir jobba intenst med dette, og tavlene blir fulle av visjonar og idèar. Så blir det ein evaluering neste gong me samlast.

Kristkyrkja på Stord vil dei neste 6 månadane ha som mål å etablera 4 misjonale fellesskap, og alle i leiinga skal vera med i eit slikt.

Vidare vil me vera ute på torget to laurdagsnetter i månaden og dela Jesus og Guds godleik på ein praktisk måte med dei unge der ute. Dei som er med i disippelgruppene har dette som ein del av opplæringa.

I juni 2014 vil me gjennomføra ein «godleiksfestival» etter mønster frå IMI-Stavanger og IMI-Tananger, me vil snakka ein god del om dette og gjera oss og alle andre i kyrkjelyden «svanger» med ideen slik at det kan fødast eit «friskt»  barn i juni.

Halvor Halvor frå IMI-kirken Tananger snakkar engasjert og glødande som det som dei ser for seg i 2015.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?