Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

september 2013Monthly Archives

Gateevangelisering og gudsteneste i helga

Søndag 29.september hadde me ei flott gudsteneste på Bjelland bedehus. Lokalet var overfylt av folk, og me fekk ei fin stund. Marit Helene Aas fortalde strålande om  Daniels vener i eldomnen. Ho teikna forteljinga på flip-over, og  borna følgde nøye med.

Det kom også mykje god tilbakemelding på talen til pastor Jens Thoresen. Han snakkar om bøn for tida, og vil gjera det inntil han ser at «folk begynnar å be på ein meir planmessig og systematisk måte,» som han seier. Her kan du lytta til talen:

http://www.mediafire.com/listen/7zfio2d9lpk7yxf/Jesu_b%C3%B8neliv_Tale_av_J_Thoresen.WMA

Så fekk me eit vitnemål frå Simun Hansen frå Færøyane som varma oss alle. Han hadde blitt minna om fleire av dei tinga som Thoresen snakka om i talen sin, og her kan du lytta til det Simun sa:

http://www.mediafire.com/listen/73vgh5f5ph31h8c/Vitnem%C3%A5l_av_Simon_Hansen.WMA

Natt til søndag var me 6 stykker ute på gata med evangeliet, lappekaker og kaffi. Det vart ei natt med intenst arbeid med mange fruktbare samtalar, denne gongen i hovudsak med unge, litt vaksne menn. Dei er ganske tunge og profilerte i argumentasjonen sin mot den kristne trua, men me opplevde verkeleg å koma eit stykke på veg med fleire av dei.

Program for helga

Bjelland bedehusGudstenesta søndag 29. september vert på Bjelland bedehus, og som vanleg startar me kl. 11. Me snakkar mykje om bøn for tida, og denne søndagen skal me ta for oss litt om Jesu eige bøneliv. DET var sterkt det, og ikkje gløym:  han er vårt førebilete. Tenk på det. Me skal altså læra oss å be som han.

Me ønskjer deg vel møtt til ei feststund saman med Gud og gode kristne. Her blir det lovsong, barneandakt (Marit Aas), nattverd og høve til forbøn.

Fellesskap er viktig. Prioriter det høgt 🙂

 

Evangelisering 30.april, tilpassa

Elles satsar me på å evangelisera på torget natt til søndag. Me tek med oss campingvogna, steiketakka, traktatar og kristne bøker for å dela Jesus, varme, lappekaker og kaffi med «utegjengen.» Kom og ver med. Me samlast på Bjelland bedehus kl. 22 for å be og gjera oss klar.

MISJONSKOLLEKTEN PÅ SØNDAG GÅR TIL EIVIND FRØEN OG CHINA CARE INTERNATIONAL. EIVND JOBBAR I DESSE DAGAR MEST MED Å FÅ EVANGELIET INN I NORD KOREA VIA KINESISKE KRISTNE SOM LÆRER SEG Å SNAKKA NORDKOREANSK FLYTANDE. DET ER EIT SPENNANDE PROSJEKT SOM DET ER KJEKT FOR OSS Å STØTTA.

 

Eivind Frøen talte utfordrande, inspirerande og levande.

Watoto barnekor kjem til Stord 26. september

SONY DSCTorsdag 26. september får me igjen sjansen til å oppleve det fantastiske Watotobarnekoret frå Uganda. Det er berre heilt utrulege både når det gjeld og sang og framføring. Watoto er ein landsby med heimar for foreldrelausa barn. Det er mange av dei i Afrika der AIDS-epedemien tek 8000 liv dagleg, og der øydeleggande konfliktar mellom folkegrupper slett ikkje er uvanleg.  Slikt avlar gatebarn, og nokre har nok også vore barnesoldatar. Men i Watoto får dei nytt liv, og dei er svært definerte på dette at dei skal bli morgondagens leiarar i heimalandet. Ein utruleg gjeng og ein mirakuløst prosjekt. Må berre erfarast. Leirvik bedehus kl. 18. Få det med deg.

Agenda 1 lærefellesskap 19.-21. sept. Stikkord :OIKOS og godleik

Det var Marit Aas, Knut Arve Nordfonn og Jens Thoresen som representerte Kristkyrkja på læresamlinga denne gongen. Tema var «Storfamilien som misjonal arbeidsform». Jesus gjorde mange av sine mektige gjerningar innafor rama av ein storfamilie, ein OIKOS, som det heiter på gresk. Kjernefamilien er etter måten eit  nytt påfunn. Det vanlege heilt fram til moderne tid var at generasjonane budde saman, og det var fleire personar som hadde nærleik til kvarandre og kunne dra omsorg for kvarandre. Går me til… Continue reading »

Gudsteneste søndag 22. september

profil2

Søndag er alle velkomen til gudsteneste i Utbygdo grendahus i Trodlahaugen 2 kl. 11. Pastor Jens Thoresen vil halda fram med å tala om bøna som det viktigaste me som menneske held på med. Denne søndagen vil han tala om verdien ved å ha ein plan i bønelivet, ein rytme om du vil. Det er sagt om bøna at ho er ein kristen sin pust, og all pust er rytme. Ein som har pusta frå seg, er død.

 

 

 

IngvildPå søndag er det Ingvild Nordfonn som har ansvaret for lovsongen.
Marie Notland har barnesamlinga.
Marit Aas syr det heile saman og kjem til å leida gudstenesta.

 

 

 

 

MAF_twin_otter_aircraft1MISJONSKOLLEKTEN PÅ SØNDAG GÅR TIL MAF, DESSE TAPRE PILOTANE SOM FLYG MISJONÆRAR OG ALT DEI TRENG INN I TIL DEI MEST UVEGSAME OMRÅDA I VERDA, OG SOM ER Å FINNA DER BEHOVA ER DESPERATE ETTER TØRKE, FLAUMAR, JORDSKJELV OG ORKANAR.

Gudsteneste med opphaldsfest for iransk familie

familien Saber,tilpassa

Søndag 15. september kunne me endeleg, etter mange, mange år, feira at familien Saber har fått endeleg opphald i Noreg. Det var ein stor dag for oss alle.

Oppholdsfest for familien Saber, tilpassaHer er eit lite utsnitt av festlyden.

Jørn Runde Reinertsen talte om «Treenigheten», eit spennande tema som han hadde sett seg grundig inn i. Her kan du høyra:
http://www.mediafire.com/listen/g47rsqn5o1jld7m/Treenigheten._Tale_av_J%C3%B8rn_Rune_Reinertsen.WMA

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?