Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste søndag den 25.august. Tema: «Lev for mitt åsyn!»

Jens 7Me snakkar om bøn for tida, og me trappar opp bønetenesta i Kristkyrkja. Me er overtydde om at Gud kallar oss til dette. Han seier til oss som han sa til Abraham: «Eg er Gud, den Allmektige! Lev for mitt åsyn. Ver heil i di ferd! Eg vil skipa ei pakt mellom meg og deg og gjera ætta di uhorveleg stor!» (1.Mosebok 17,1-2). Det er utruleg stort at Gud inviterer oss til å leva for hans åsyn, dvs koma heilt nær Gud og ha personleg kontakt med han 24/7. Få kristne er i ein slik posisjon i dag. Dei fleste av oss lever på avstand frå Gud. Men Gud kallar oss attende til eit liv der me kontinuerleg kan leva i ein straum av guddommeleg kjærleik og kraft. Dette får du høyra meir om på gudstenesta søndag. Det er pastor Jens Thoresen som talar. Velkomen i Utbygdo grendahus kl. 11.

Det blir som vanleg barneavdeling. Den tek Marit Helene Aas seg av. Ho vil halda fram med å snakka om Gideon, ein av dei åndelege kjempene i Det gamle testamentet.

Så blir det opptak av nye medlemmer denne søndagen. Vel møtt til alle.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?