Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

august 2013Monthly Archives

Gudsteneste søndag 1. september.

Søndag 1. september vil pastor Jens Thoresen halda fram med å snakka om bøn. Då blir tema «Framfor alt», noko som peikar attende på at Gud ønskjer at me skal prioritera bøna høgare enn alt anna i liva våre. Misjonsofferet denne søndagen går til den messianske kyrkjelyden Beit Eliahu i Haifa. Annbjørg Notland Reinertsen skal ha søndagsskulen. Vel møtt til alle.

Tale 25. august: Om å leva for Guds åsyn

http://www.mediafire.com/listen/m6aer93udi144d3/Lev_for_mitt_%C3%A5syn%2C_tale_25.08.2013.WMA

Gudsteneste søndag den 25.august. Tema: «Lev for mitt åsyn!»

Jens 7Me snakkar om bøn for tida, og me trappar opp bønetenesta i Kristkyrkja. Me er overtydde om at Gud kallar oss til dette. Han seier til oss som han sa til Abraham: «Eg er Gud, den Allmektige! Lev for mitt åsyn. Ver heil i di ferd! Eg vil skipa ei pakt mellom meg og deg og gjera ætta di uhorveleg stor!» (1.Mosebok 17,1-2). Det er utruleg stort at Gud inviterer oss til å leva for hans åsyn, dvs koma heilt nær Gud og ha personleg kontakt med han 24/7. Få kristne er i ein slik posisjon i dag. Dei fleste av oss lever på avstand frå Gud. Men Gud kallar oss attende til eit liv der me kontinuerleg kan leva i ein straum av guddommeleg kjærleik og kraft. Dette får du høyra meir om på gudstenesta søndag. Det er pastor Jens Thoresen som talar. Velkomen i Utbygdo grendahus kl. 11.

Det blir som vanleg barneavdeling. Den tek Marit Helene Aas seg av. Ho vil halda fram med å snakka om Gideon, ein av dei åndelege kjempene i Det gamle testamentet.

Så blir det opptak av nye medlemmer denne søndagen. Vel møtt til alle.

Gudsteneste søndag 11.august

Jens 7Søndag 11.august startar me med ein ny gudstenestesesong. Denne hausten kjem me til å fokusera på temaet «bøn», og på søndag vil pastor Jens Thoresen tala over emnet «Når Gud grip inn!» Når me er i djup naud, ropar me til Gud om hjelp, og etter sitt ord grip han alltid inn så lenge me kjem til han med ærlege og sanne hjarte. Han frelser og hjelper. Bibelen er full av vitnemål om det.

Velkomen i Utbygdo grendahus kl 11. Det vert barneprogram, lovsong, nattverd, mat og sosialt fellesskap.

To andaktar

Teksgrunnlag:Romerbrevet 4,13-17
http://www.mediafire.com/listen/o41ha0c883dq1vp/Romarbrevet_4%2C13-17._Andakt..WMA

Tekstgrunnlag: Rom 4,9-12
http://www.mediafire.com/listen/d0kr3uzuw853d0e/Romarbrevet_4%2C9-12._Andakt.WMA

Come to Jesus

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?