Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

juli 2013Monthly Archives

Gripande farvel med Arne Helge Notland

Arne Helge Notland vart gravlagd onsdag den 24.juli frå Stord kyrkje. Det vart ei gripande stund både i kyrkja og under minnesamværet etterpå. Det vart sagt mykje godt både om Arne og om «han som er trua sin opphavsmann og fullendar», Jesus. Det var ikkje mange tørre auge då familien synte fram ein biletserie av Arne saman med barnebarna sine, samstundes som Odd Nordstoga sin song om «farfar» tonte utover salen. Det høvde så godt på Arne.

Minneordet og talen i kyrkja kan du lesa her:

Minneord om Arne Helge Notland

Tale i gravferda til Arne Notland

Arne Helge Notland er død

ArneTysdag 16 juli (New York-tid) fekk me den tunge bodskapen som fortalde at Arne Helge Notland var død. Han vart hjartsjuk i laupet av dagen, frakta til Haukeland, men skaden var for stor, og livet var ikkje til å berga. I dag er tankane våre hos Marie, barna, svigerbarna og barnebarna, og me ber om at Jesus skal styrka dei i stormen som rasar. Arne var ein fantastisk ektemann, familiefar og bestefar, og slik heilt uerstatteleg.

Men også me i Kristkyrkja kjem til å sakna Arne veldig, veldig masse. Han har vore eit TRUFAST og sjølvoppofrande medlem hos oss i 12 år, og som kasserar og teknisk ansvarleg var han ein nøkkelmann hos oss. Det praktiske skal me nok få orden på, men Arne får me aldri att, og det er uendeleg tungt å tenkja på. Me lyser fred over minnet hans.

Det vert gravferd frå Stord kyrkje onsdag 24.juli klokka 13.00

Familien seier at like kjært som blomar er ei gåve til Kristkyrkja på Stord.
Kontonummeret som kan nyttast er 3520 5443663

 

 

 

Fin dåpsgudsteneste søndag

Lars Ivar, Live og Kristin Søndag 30.juni vart vesle Live Sundfør døypt i Kristkyrkja. Det vart ei fin stund for alle frammøtte. Her ser du dåpsbarnet saman med foreldra sine.

Pastor Jens Thoresen talte ut frå Filipparbrevet 3,12-15 der temaet var: Grepen av Kristus Jesus. Du kan høyra talen ved å trykka på linken under.

 

http://www.mediafire.com/download/758fpvl9um26skt/Grepen_av_Jesus.WMA

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?