Søndag 30.juni blir det gudsteneste med dåp i Utbygdo grendahus. Det er Live Sundfør som skal døypast, og alle er velkomen til å ta del i denne store og viktige hendinga. Foreldrene til Live er Kristin Sundfør (før Thoresen) og Lars Ivar Sundfør. Pastor Jens Thoresen vil tala over Filipparbrevet 3,12-14.
juni 2013Monthly Archives
Dagens tale 23.juni
http://www.mediafire.com/listen/7dodqwgaidbbccq/2013_06_23_Tale_om_b%C3%B8n_v_Jens_Thoresen.WMA
Kyrkjelyden-eit bønehus for alle folkeslag
Gudsteneste 23.juni
På gudstenesta den 23.juni vil Marit Aas ha formidling til barna. Ho har laga til eit dramastykke om «den lamme mannen.»
Pastor Jens Thoresen vil tala for dei vaksne om «kyrkjelyden som eit bønehus for alle folkeslag,» ut frå Markus 11, 15-19.
Vel møtt i Utbygdo grendahus kl. 11.
Gudsteneste søndag 9.juni
Søndag 9.juni vert det gudsteneste i Utbygdo grendahus kl.11. Pastor Jens Thoresen talar over 1.Johannesbrev 1,1-4. Det handlar om kva som krevst av eit vitne, og korleis Jesus styrker fellesskapet mellom oss når han får vera sentrum av det me held på med.
Marie Notland vil ha ansvar for barneopplegget, og ho vil snakka om då Jesus vart døypt av Johannes.
VEL MØTT TIL ALLE!
Dagens tale 2. juni
Her er talen som pastor Jens Thoresen heldt søndag om «dei første kristne». Denne talen vil syna veg for Kristkyrkja i framtida.
http://www.mediafire.com/listen/2opq82g2r2rdjba/2013-_06-02_Dei_f%C3%B8rste_kristne._J.Thoresen.WMA