2.juni er det gudsteneste på Bjelland bedehus kl. 11. Det blir ved eit tilfelle både tale og søndagsskule v/ pastor Jens Thoresen denne gongen. Men det skal gå bra. Tema for talen vert «dei første kristne». Det er eigentleg veldig interessant dersom me tenkjer oss at desse levde slik Gud hadde tenkt at kristne skulle leva. Teksten er Apostelgjerningane 2,42-47. Elles vil eg lesa ein del frå boka til Etiopiamisjonær Agne Nordlander, «Kirke i vekst og smerte», som handlar om korleis Gud gjennom dei siste 60-70 åra har aust Anden sin ut over Etiopia, med det resultat at dei truande der lever liv som liknar veldig på slik dei første kristne levde.
På søndagsskulen blir temaet «Peter i fengsel». Det er ei sterk fortelling om kor suveren Gud er. Her blir det drama og greier.
Velkomen til fellesskap, undervisning, lovsong og nattverd.