Dette var eitt av dei mange gode poenga i talen til Jørn Rune Reinertsen i dag. Han tok utgangspunkt i Johannes 14,1-6 og påpeika at Jesus døydde for alle, og at han har laga til eit rom i himmelen for alle menneske.
Likevel er kristendomen eksklusiv, heldt han fram. Det er ikkje mange vegar til Gud, berre denne èine, Jesus Kristus.
I dag er me vitne til at folk plukkar element frå fleire religionar og formar sin eigen. Det er vår tids store utfordring, i alle fall for oss som trur på Jesus. Me må trufast halda fram at det berre er det kristne evangelium som har kraft i seg til å frelsa oss.
Det er stort at Gud har gjeve oss sjansen til å koma til han og bli hans barn. Me kan takka Jesus for det. Utan Jesus, kunne ikkje Gud ha teke imot oss. Me har alle synda, og fortener ikkje samfunn med Gud. Men Jesus opna fri tilgang til Gud for oss. Det er godt nytt.
Lytt til talen her: http://www.mediafire.com/?oajnyfjif37kaaq
LYTT NØYE TIL KVINNER SOM SEIER DEI HAR MØTT JESUS, OG NÅR DU HAR MØTT HAN SJØLV, SPRING OG FORTEL!
Dette var litt av bodskapen som pastor Jens Thoresen delte med små og store etter dramastykket om Emmausvandrarane.
Her ser du dei to venene som deler opplevinga si med dei andre disiplane.