Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Påskebodskapen i vinternatta

Det er seint  påskeafta på Leirvik torg. Temperaturen nærmar seg minus fem, og over oss ser me planeten Jupiter (som akkurat i desse dagar passerer gjennom stjernebilete Tyren) og Capella, hovudstjerna i Kusken. Klårværet varer og varer, og med det vinteren. Me har rigga oss til med campingvogn, kristen musikk, bålpanne, to bord, ei steiketakke og ei eske med kristne traktatar. Me er ute på evangelisering, vil så gjerne få fortelja folk denne påska at Jesus har stått opp frå grava, at han lever, elskar oss og vil ha personleg fellesskap med oss.

Det er mange som er ute denne kvelden. Unge menneske som pendlar mellom utestadane. På vegen kjem dei gjerne bort til oss. Dei vil gjerne ha kaffi og lappekaker, gjerne med syltetøy og rømme. Nokre kjem for å varma seg ved elden. Ikkje alle er kledde for ei kald vinternatt.

Nokre lurer på kva det kostar med ei lappekake. Ingenting? Gratis? Det går ikkje an. Jo, det går an. Guds frelse har me fått gratis. Den betalte Jesus for. Då må me vel kunne gje bort litt kaffi og nokre lappekaker. Skulle berre mangla.

Ungdomane et med god appetitt. Me steiker i eitt sett. Godsakene vert borte etter kvart.
Det er påske. Påska handlar om Jesus og Gud. Me vil gjerne prata. Er ute i dette ærendet denne kvelden, i embets medføre, som det heiter.

Trur du på Gud? Kva plass har han i livet ditt? Kva tyder påska for deg?

Dei snakkar. Nesten alle har ei tru, eller i det minste besteforeldre som trur. Nokre få trur på Jesus, at han er Gud, og at han er verdas frelsar. Mange er temmeleg uklåre,og har vanskeleg for å uttrykkja kva dei trur på. Det store fleirtalet trur det er noko der, ei kraft, ein åndeleg energi eller noko slikt, noko som styrer på eit vis.  Andre trur meir på vitskapen, får ikkje dette med Bibelen til å stemma med eit moderne verdsbilete. Like mange trussystem her som det er folk, har me inntrykk av.

Så, midt i samtalen, er det som om Gud kjem nær. Jo visst har han vore der heile tida. Gud er det. Men så melder han seg på. Gjev eit ord som treff hjarta. Så kjem tårene. Godt me har serviettar. ”Skal me be for deg?” ”Ja, gjerne. Eg treng det”. Personen er ikkje åleine. Mange vil at me skal be for dei. Behova er store mellom unge menneske i dag. Mykje løynd liding. Me er imponerte over kor skånsellaust opne dei er.

”Eg er ateist,” seier ho, ”eg trur ikkje på Gud. Men når eg høyrer på dykk, er det noko som treff meg, og eg tenkjer: Dette gjer inntrykk på meg, dette kunne eg faktisk ha trudd på!”

Evangeliet har kraft, Guds kraft til frelse. Ordet skaper tru. Det fungerer jo. For ei glede.

Èin er kristen. Tydeleg kristen, men har hamna utanfor fellesskapet. Er einsam med trua si. No står han og studerer oss.  ”Det eg ser her har eg lengta  heile mitt kristne liv,”  seier han, og før me veit ordet av det har me fått oss ein ny medarbeidar. Han går inn for oppgåva med liv og lyst, går rundt og tilbyr folk lappekaker og deler Jesus med dei. Ein ny start på noko?

Me likar å feira påske slik. Ja, ikkje berre påska. Mange andre laurdags netter brukar me på same måte. Dei kjenner oss no. Det er såtid. Snart skal det haustast.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?