Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

mars 2013Monthly Archives

Påskebodskapen i vinternatta

Det er seint  påskeafta på Leirvik torg. Temperaturen nærmar seg minus fem, og over oss ser me planeten Jupiter (som akkurat i desse dagar passerer gjennom stjernebilete Tyren) og Capella, hovudstjerna i Kusken. Klårværet varer og varer, og med det vinteren. Me har rigga oss til med campingvogn, kristen musikk, bålpanne, to bord, ei steiketakke og ei eske med kristne traktatar. Me er ute på evangelisering, vil så gjerne få fortelja folk denne påska at Jesus har stått opp frå… Continue reading »

Påskeprogram

Langfredag

Pasjonsgudsteneste for barn og vaksne  i Utbydo grendahus kl. 11. Drama om prosessen mot Jesus.

1.Påskedag

Festgudsteneste for barn og vaksne  i Utbygdo grendahus kl. 11. Knut Arve Nordfonn talar Guds ord.

Gudsteneste søndag 17.mars

Marit

Marit Aas er kjent i Kristkyrkja for grundig, systematisk og varm bibelforkynning.

Søndag den 17.mars er det gudsteneste att i Utbygdo grendahus. Då er det Marit Aas som skal tala for dei vaksne, medan pastor Jens Thoresen fortel for dei små. Marit vil gjerne dela noko av det sentrale i evangeliet med oss, medan Jens vil snakka om Jesus i Getsemanehagen. Elles vert det lovsong, nattverd og forbønsteneste. Kom og bli med i fellesskapet.

Kollekten denne søndagen går til  Wycliffe sine bistandsprosjekt i Pakistan og Vest-Afrika.

Strålande helg med Eivind Frøen

Eivnd Frøen 2013Kristkyrkja og Stord Bibelsenter hadde ei flott helg saman med Eivind Frøen. Folk kjende seg både utfordra og oppmuntra. Etter møtene var det mange som stoppa igjen for å samtala og berre vera i atmosfæren av Guds nærvær.

Fredag kveld var ein misjonskveld der han snakka om den kinesiske visjonen om å bringa evangeliet tilbake til Jerusalem, som dei anser som endane av jorda.

Laurdag føremiddag la han ut om då Jesus metta 5000, forutan kvinner og barn, i ørkenen. Veldig levande. Når me gjer det mogelege, gjer Gud det umogelege.

Laurdag kveld var temaet tilgjeving, og han la vekt på kor viktig det er for oss som kristne å tilgje dei som har vore stygge med oss, sjølv om dei ikkje erkjenner skuld.

Søndag føremiddag snakka han om dei siste versa i Det gamle testamentet der Gud seier at den siste tids vekking vil vera særprega av å vera ei familievekking. Fedrene sine hjarto vil venda seg om barna og vise versa. Her kan du lytta til desse fantastiske talane. Mange av forteljingane han kom med er ikkje med i talane då dei innheld sensitiv informasjon.

Sønsdag 10. mars. «Den siste vekkinga» http://www.mediafire.com/?yw4w28vua2h6x38
Laurdag 9. mars, kveld: «Bitterhet og tilgjeving» «http://www.mediafire.com/?filliubwtmq4e9m
Laurdag 9. mars, føremiddag: «Gjer det mulege så gjer Gud det umulege». http://www.mediafire.com/?v2pv3jjnoo43bkb
Fredag 8.mars: «Tilbake til Jerusalem» http://www.mediafire.com/?lia6zjx2b42684n

Inspirasjonshelg med Eivind Frøen 8.-10.mars

Eivnd Frøen

8.-10. mars har Kristkyrkja og Stord Bibelsenter gleda av å ønska velkomen til INSPIRASJONSHELG med Eivind Frøen. Tema for helga er: «Korleis leva som ein disippel av Jesus anno 2013?», og alle arrangementa vert i UTBYGDO GRENDAHUS.

Eivind Frøen er ein pioner i Guds rike, og har grunnlagt Ungdom i Oppdrag, Asia Link og Agape Ministries. Han jobbar no mykje i høve til undergrunnskyrkja i Kina og har eit spesielt fokus på å få evangeliet inn i det stengde og naudstilte Nord-Korea. I desse landa har disippelskap ei heilt anna tyding enn hos oss. Der må folk innstilla seg på å betala den ultimate pris for å bli disiplar av Jesus Kristus.

PROGRAM:
Fredag 8.mars:
Møte kl. 19.30

Laurdag 9. mars:
Møte kl. 11.00. Felles grautmåltid i etterkant. Barnepass.
Møte kl. 19.30

Søndag 10.mars:
Gudsteneste kl. 11. Søndagsskule og barnepass.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?