Me hadde to veldig gode dagar med elevane frå Veien bibelskule som besøkte oss i helga. Dei var saman med oss på torget natt til søndag, og fekk vera med å be for mange, mange unge som vart synleg berørt av Guds kraft. Som me har skrive før: Unge menneske på Stord er veldig opne for Gud, det er berre eit spørsmål om tid før me får hausta inn det me har sådd ut.
Søndag var elevane med på gudstenesta som dei løfta opp nokre hakk. Dei var glade for det dei hadde fått opplevd her på Stord, og me ønskte dei velkommen tilbake.
Beklagar at denne sida ikkje lenger taklar å lasta opp bilete. Men dersom du er interessert finn du dei på Facebook. Søk opp sida til Kristkyrkja på Stord