Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

desember 2012Monthly Archives

Gudsteneste 6.januar

Først av alt vil eg ønskja deg som les dette eit rett GODT NYTTÅR, og uttrykkja eit ønskje om at du i 2012  blir bevart i trua på Jesus, at Guds rike har framgang i deg og gjennom deg, at du får vera frisk og sunn og at du lukkast i alt du tek deg føre.

Søndag 6.januar er du hjarteleg velkomen til gudsteneste i Utbygdo grendahus kl. 11. Då blir det tale av pastor Jens Thoresen. Teksten blir Lukas 2,22-32. Den handlar om då Jesus vart omskoren i templet 8 dagar gamal, og Simeon talte profetisk over han. Dette er ein svært innhaldsrike tekst som opnar opp store og gode perspektiv for oss.

Elles vert det naturlegvis søndagsskule, lovsong, frie vitmemål, forbøn, nattvert og misjonskollekt. Den går til det arbeidet som Eivind Frøen står i i Asia.

Eivind Frøen kjem forresten og besøker oss 8.-10.mars. Då blir det fellssmøter med Stord Bibelsenter, og kanskje også Den Frie Evangeliske Forsamling Ebenezer.

Julegudsteneste med julespel ispedd humor

Det fekk ei flott gudsteneste julafta med eit julespel som slett ikkje var utan humor, fint regisert av Ingvild Nordfonn. Her var sauer, ein gjetar, vise menn, englebesøk, Maria og Josef og til og med eit lite Jesusbarn. Alt som seg hør og bør. Det må jo bli litt gøyalt når barn i esel og kamelkostymar kjem strenande inn på senen, og sauene begynnar å kommentera teologien. Men alt det viktige kom klårt fram, og barna er jo berre så herlege å ha med å gjera.

Knut Arve Nordfonn trivdest godt i gjetarrollen. Det vart litt manko på gjetarar denne gongen, alle barna ville vera sauer for dei fekk så fine kostymer, så Knut Arve måtte trø til så litt på strak arm og bli gjetar. Etter skodespelet talte han så fint om kvifor jula er så viktig for oss alle.

Vismennene hadde med seg ein flott kamel, og dei følgde stjerna til stallen.

Gjennom heile gudstenesta hadde med ei flott forsangargruppe. Frå venstre: Anette Angeltveit Thoresen, Elise Thoresen, Randi Notland og Kristin Sundfør. Erlend Thoresen spela tromme, Tone Synneve Hellesøy og Ingvild Nordfonn spela begge piano til sangane.

Julafta vert det gudsteneste kl 15 med julespel og skikkeleg høgtidsstemning

Maria og Josef, alias Linn Elise og Amir, jula 2011Julafta er alle velkomen til familiegudsteneste i Utbygdo grendahus kl. 15.00. Då syng me dei gode gamle julesongane, og nokre nye. Høgdepunktet blir sjølvsagt JULESPELET, i år med barn i alle rollar.

Det er Ingvild Nordfonn som har regisert spelet i år, og som har ei god hand over framføringa.

I år er det Knut Arve Nordfonn som skal tala. Me gler oss til å høyra.

Julehelsing

Jula handlar om Jesus, og ikkje om alt mogeleg anna. Det er fint å ha ein fest midt i den mørkaste vinter då me kan minnast han som kom for å frelsa oss frå våre synder og gje oss det evige livet. Johannes skriv så innsiktsfullt: ”Det evige livet er i Guds Son.” Og vidare: ”Den som har Sonen, har livet.”

Ingen av oss har evig liv i oss sjølve. Det har berre dei av oss som har teke imot Jesus Messias som Herre, frelsar, konge og Gud.

Jesus og det evige livet er Guds gåve til oss menneske. Denne gåva må me ta imot med takk. Me vil gjerne oppmuntra deg til det, om du ikkje alt har gjort det. Då vil alt bli godt og rett for deg. Med dette vil me ønskja alle på Stord ei velsigna julehøgtid.

Førjulskos, evangelisering og gudsteneste

ONSDAG den 12. desember blir det FØRJULSKOS i Utbygdo grendahus med gløgg, kaffi, saft, kakaer og diverse aktivitetar for små og store. Arrangementet er ope for alle. Vel møtt kl. 18. Dei som har mindra barn kan møta kl 17. Då blir det baking. Ta med kjevle.

LAURDAG den 15. desember skal me ha stand på parkeringsplassen ved Heiane storsenter. Då deler me ut gløgg og smågodt til dei handlande, samt nokre ord om Jesus som julas hovudperson. Me tek med oss campingvogna og prøver å laga eit koseleg julemiljø.

SØNDAG den 16. er det Marit Aas (bilete under) som skal forkynna Guds ord for oss. Ho vil ta utgangspunkt i det som hende med trælkvinna Hagar, ei spennande forteljing med mange viktige poeng.

 

 

 

 

 

 

 

Vel møtt til vår ekstremt barnevenlege gudsteneste.

 

Gudsteneste søndag 9.desember

Søndag blir det gudsteneste i Utbygdo grendahus kl.11. Då er det pastor Jens Thoresen som forkynner Guds ord for dei vaksne, medan Marit Aas fortel for barna. Elles vert det som vanleg, lovsong, nattverd og forbønsteneste. Vel møtt til alle.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?