Dave Ferguson frå Chicago var hovudtalar på Agenda 1 konferansen. Bodskapen hans handla om to ting: Hjelpa folk heim til Gud ved å be for dei, eta saman med dei, tena dei og dela evangeliet med dei. For å få dette til bli ei rørsle som alle i truande i kyrkjelyden er med på, må den enkelte reprodusera gåvene sine i andre. Nettverket av kyrkjelydar som Ferguson er leiar for har hatt stor suksess med dette. Sidan år 2000 har dei etablert ein skog av kyrkjelydar i Chicagoområdet, og no spreier rørsla seg også til fleire statar i USA og til andre land. Det er for så vidt ei gamal oppskrift som også Jesus og disiplane nytta seg av: Be for folk, lytt til folk, et saman med folk, ten dei og del evangeliet med dei. Det funka på Jesu tid og det funkar no.
Kva betyr dette for oss i Kristkyrkja på Stord?
Det betyr at me held fram med, og kjem til å byggja ut, disippelskapsmodellen. Målet er å få alle med. Alle må inn i den dynamiske tenkinga om reproduksjon.
Dinest betyr det auka engasjement på gatenivå, me må ut to gongar i månaden, og det betyr at me blir veldig aktive i å invitera ikkje-kristne naboar og arbeidskollegaer heim til oss sjølve slik at me kan eta saman med dei og lytta til dei.
Me går inn i ei spanande tid.