Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

november 2012Monthly Archives

Inga gudsteneste søndag 2. desember

Kort helgerapport

Vi hadde en fantastisk evangelisering på Leirvik natt til søndag. Det var full jobb fra vi kom til vi gikk. Mange fikk høre om Jesus, og mange ville ha forbønn, og alle fikk kaffi og lapper. Det ble en sterk kveld der Den hellige ånd var med og hjalp oss. Det vi ser nå er at mange av dem vi har snakket med og bedd for før kommer tilbake, og en av dem var sammen med oss hele kvelden. Det… Continue reading »

Evangelisering og gudsteneste i helga

Laurdag kveld den 24. nov. blir det ein ny evangeliseringstur til Leirvik torg. Du er velkomen til å vera med og dela trua di med andre. Kvelden startar heime hos pastoren i Todlahaugen 25 kl 22. Då samlast me for å be om Guds nåde, kraft og hjelp i tenesta.

Komande søndag, den 25. november, er du velkomen til gudsteneste i Utbygdo grendahus kl. 11. Det er Knut Arve som kjem til å tala Guds ord, og pastor Jens Thoresen har ansvar for søndagsskulen.

Under «Talar» kan du no lytta til forkynninga frå sist søndag om «kjærleiken som kjenneteiknet på kristne.»

Gudsteneste med høg gledefaktor

Det var mykje glede på gudstenesta i dag. Først dansa barna til Guds ære, så vart heile forsamlinga med. Marie fortalde barna om Maria som fekk bod om at ho skulle bli Guds Sons mor. Seinare laga barna nokre flotte teikningar av Maria: Ser du Jesus i teikningane?

Godt møte med Svein Høisæther

Møte i går kveld med Svein Høisæther frå Agenda 1 var både godt og nyttig.

Kristkyrkja er no inne i ein spennande fase. 8 av medlemmene våre har no vore gjennom eit disippelopplæringsprogram, og dei står no klar til å begynna med opplæring av nye disiplar sjølv. Dersom du ønskjer å oppgradera vandringa di med Jesus, kan du ta kontakt.

Agenda 1-helga i Stavanger gav oss nye visjonar

Dave Ferguson frå Chicago var hovudtalar på Agenda 1 konferansen. Bodskapen hans handla om to ting: Hjelpa folk heim til Gud ved å be for dei, eta saman med dei, tena dei og dela evangeliet med dei. For å få dette til  bli ei rørsle som alle i truande i kyrkjelyden er med på, må den enkelte reprodusera gåvene sine i andre. Nettverket av kyrkjelydar som Ferguson er leiar for har hatt stor suksess med dette. Sidan år 2000 har dei etablert ein skog av kyrkjelydar i Chicagoområdet, og no spreier rørsla seg også til fleire statar i USA og til andre land.  Det er for så vidt ei gamal oppskrift som også Jesus og disiplane nytta seg av: Be for folk, lytt til folk, et saman med folk, ten dei og del evangeliet med dei. Det funka på Jesu tid og det funkar no.

Kva betyr dette for oss i Kristkyrkja på Stord?
Det betyr at me held fram med, og kjem til å byggja ut, disippelskapsmodellen. Målet er å få alle med. Alle må inn i den dynamiske tenkinga om reproduksjon.

Dinest betyr det auka engasjement på gatenivå, me må ut to gongar i månaden, og det betyr at me blir veldig aktive i å invitera ikkje-kristne naboar og arbeidskollegaer heim til oss sjølve slik at me kan eta saman med dei og lytta til dei.

Me går inn i ei spanande tid.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?