Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

oktober 2012Monthly Archives

Torsdag 18.oktober vert det FAKKELTOG i solidaritet med verdas forfølgde kristne

I fjor var det Eli Minde som heldt appell på torget.

I år, som i fjor, vil me saman med mange andre kyrkjelydar vera med og  arrangera fakkeltog i solidaritet med verdas mange forfølgde kristne. Det begynnar på torget kl. 19, og me ber alle om å vera ute i god tid for å få seg faklar før arrangementet startar. I år vert det arrangert fakkeltog i forutan på Stord i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand.

I år har me fått tidlegare generalsekretær i Åpne Dører, Stig Magne Heitmann, til å vera med å halda appell på torget og tale i kyrkja. Elles vert det korsang, solosang, lovsang og bøn. Så må du hugsa å ta med deg kontantar, det vert kollekt som me deler mellom Stefanusalliansen (tidlegare Norsk Misjon i Øst) og Åpne Dører.

Stig Magne Heitmann

 

På gudstenestea søndag skal me snakka om DISIPPELSKAP

Søndag 14.oktober er du hjarteleg velkomen til gudsteneste i Utbygdo grendahus kl. 11. Pastor Jens Thoresen vil denne søndagen snakka om disippelskap som den einaste aktuelle arbeidsmetode i Det nye testamentet. Me les om at både Jesus, Johannes døyparen og Paulus hadde disiplar som vert opplærte til å praktisera Guds rike og læra andre å gjera det same. I Kristkyrkja vil me i ta eksempel av Jesus også når det gjeld arbeidsmetode, og programmet framover vert enkelt: Det handlar om å fostra disiplar med tanke på å gjera dei stand til å vinna menneske for Kristus, menneske som dei skal læra opp  til sjølv å vinna nye. Alle som vert vunne skal primært disippelgjerast av den som fører dei til Kristus, eller av betrudde mentorar som har vore gjennom disippelopplæring. DETTE BLIR ENORMT SPENNANDE. Kom og få innsikt i denne dynamiske arbeidsmetoden, og bli gjerne med på laget.

Glimt frå evangeliseringa laurdag 29. sept

Laurdag var me for første gang ute med campingvogna vår for å evangelisera på Leirvik. Det vart ein travel kveld med mange gjester og samtalar. Folk var veldig nyfikne på oss og lurte på kvifor dei fekk ting gratis hos oss, og ein sa: «Noko slikt har eg ikkje opplevd på lenge!»

Ei fin natt som gav meirsmak.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?